Publisert 31. jan. 2025, kl. 10:16
Sist redigert 7. feb. 2025, kl. 08:55
Pensjonistforbundet i Sogn og Fjordane inviterer i samarbeid med Hotel Alexandra til Seniorveke i vakre Loen.
Vi har som mål å stimulere til fysisk aktivitet og hyggeleg samvær. Her kan du delta på turar, yoga, trening, føredrag og ikkje minst danse og synge saman med Steinar Engelbrektsson. Du vel sjølv kva aktivitet du deltar på, og vi i Pensjonistforbundet vil vere tilgjengeleg for info og påmelding til aktivitetar.
Pensjonistforbundet har reservert ein kvote rom til våre medlemmer. Pris for 3 døgn er ekstra rabattert for medlemmar i Pensjonistforbundet og må bestillast innan 15. mars. Sjå vedlegg.