Publisert 6. Feb 2026, kl. 12:33
Sist redigert 6. Feb 2026, kl. 12:50
Velkommen til SENIORDAGAR på hotell Alexandra i Loen 4.-6. mai 2026
Pensjonistforbundet i Sogn og Fjordane inviterer i samarbeid med hotell Alexandra til Seniordagar i vakre Loen.
Vi har som mål å stimulere til fysisk aktivitet og hyggeleg samvær. Her kan du delta på turar, trening, føredrag, dans og mykje meir. Du vel sjølv kva aktivitet du deltar på, og vi i Pensjonistforbundet vil vere tilgjengeleg for info og påmelding til aktivitetar.
Prisar: (inkluderer opphald med frukost, 2 middagar, lunsj dag 2 og inngang til Alexandra Bad)
Standard dobbeltrom, per person kr 3970
Standard enkeltrom kr 4370
Tillegg for rom med fjordutsikt er kr 200 pr person pr døgn.
Påmelding: alex@alexandra.no eller 57875000.
Oppgi medlemsnr., namn, telefonnummer, epost adresse, dobbelt-/enkeltrom og kven du deler med, ev. matallergiar.