Publisert 6. Feb 2026, kl. 12:33
Sist redigert 18. Jun 2026, kl. 08:50
Velkommen til SENIORDAGAR på hotell Alexandra i Loen 7.–9. september 2026.
Seniordagane var først lagde til starten av mai, men måtte utsetjast pga. streik. No som streiken er over, er ny dato avtalt med hotellet.
Pensjonistforbundet i Sogn og Fjordane inviterer i samarbeid med hotell Alexandra til Seniordagar i vakre Loen.
Vi har som mål å stimulere til fysisk aktivitet og hyggeleg samvær. Her kan du delta på turar, trening, føredrag, dans og mykje meir. Du vel sjølv kva aktivitet du deltar på, og vi i Pensjonistforbundet vil vere tilgjengelege for info og påmelding til aktivitetar.
Prisar: (inkluderer opphald med frukost, 2 middagar, lunsj dag 2 og inngang til Alexandra Bad)
Standard dobbeltrom, per person kr 3970
Standard enkeltrom kr 4370
Tillegg for rom med fjordutsikt er kr 200 pr person pr døgn.
Påmelding: alex@alexandra.no eller 57875000.
Oppgi medlemsnr., namn, telefonnummer, e-postadresse, dobbelt-/enkeltrom og kven du deler med, ev. matallergiar.