Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Frivilligkonferanse og tilskot i Frivilligheitas år

Her er informasjon frå Vestland fylkeskommune til regionale frivillige organisasjonar og paraplyorganisasjonar.

Frivilligkonferanse i Vestland

Vestland fylkeskommune og paraplyorganisasjonane for frivillig sektor inviterer til frivilligkonferanse i Sogndal laurdag 18. juni med tema berekraft, rekruttering, inkludering og reduksjon av barrierar for deltaking. Det blir også eit kveldsprogram fredag 17. juni. Programmet for konferansen og påmelding vil vere klart i april.

Tilskot til Frivilligheitas år 2022

Vestland fylkeskommune lyser ut 500 000 kr i ei tilskotsordning til regionale tiltak og markeringar av Frivilligheitas år 2022. Her finn du informasjon om tilskotsordninga. Søknadsfristen er 31. mars. Ordninga gjeld for regionale frivillige organisasjonar eller lokale organisasjonar som ikkje er tilslutta ein regional organisasjon og som inviterer til større markeringar med breitt regionalt nedslagsfelt.

Vestland fylkeskommune har også andre tilskotsordningar til frivilligheita, innan både idrett, friluftsliv, kultur, inkludering og lokalsamfunnsutvikling. Du finn oversikt over alle tilskotsordningane på nettsida vår.

Frivilligheitas år 2022

Vestland fylkeskommune har ei eiga side på nettsidene våre der vi legg ut informasjon om Frivilligheitas år 2022.

Her finn du informasjon om nasjonale tiltak i Frivilligheitas år 2022. Besøk gjerne Frivillighetens museum, ei digital utstilling som opna i februar 2022. 

Frivillig.no og ungfritid.no

Vil organisasjonen din vekse og inkludere fleire nye frivillige og deltakarar? Frivillig.no og Ungfritid.no er to gratis rekrutteringsverktøy for frivilligheita. Har du spørsmål, eller treng hjelp til å registrere organisasjonen din? Ta kontakt med dorthe@frivillighetnorge.no.

Spørjeundersøking for frivillige lag og organisasjonar

Frivillighet Norge gjennomfører for tida ei stor nasjonal kartlegging av samarbeidet mellom frivillig og offentleg sektor. Del gjerne vidare informasjon om undersøkinga til lag og foreiningar i organisasjonen din. Her finn du meir informasjon.

 Har du spørsmål eller innspel som gjeld frivilligheit i Vestland? Ta kontakt med Åge Avedal, seniorrådgjevar i Vestland fylkeskommune, på tlf. 970 72 734 eller på e-post til age.avedal@vlfk.no.

Med helsing

Åge Avedal

seniorrådgjevar

Seksjon for kunst- og kulturutvikling

Avdeling for kultur, idrett og inkludering