Vil alderismen til livs

Sylvi Listhaug (47) har på ingen måte byrja å planleggje pensjonistlivet. Ho satsar på at helsa held og at ho kan halde fram med å jobbe også etter at ho har nådd pensjonsalder.

Sylvi Listhaug har ingen planar om å slutte å jobbe når pensjonsalderen nærmar seg. Ho vil jobbe resten av livet dersom helsa held. Foto: NTB

Sylvi Listhaug har ingen planar om å slutte å jobbe når pensjonsalderen nærmar seg. Ho vil jobbe resten av livet dersom helsa held. Foto: NTB

TEKST: ELI STRAND

– Eg er arbeidsnarkoman, så eg ser ikkje for meg at eg skal slutte å jobbe når eg blir 67. Då satsar eg på at eg har ein jobb som er så fleksibel at eg kan bestemme sjølv når og kor mykje eg skal jobbe.

– Ser du for deg at du gjer som Carl I. Hagen og blir i politikken til du er over 80 år?

– Nei, ikkje nødvendigvis innan politikken, men at eg har anna meiningsfylt arbeid å fylle dagane med.

Sjølv om 47-åringen ikkje har tenkt så mykje over kva ho sjølv skal gjere når ho blir pensjonist, er ho meir enn middels opptatt av korleis dei eldre har det i Noreg.

– Kva inneber eit eldrevenleg samfunn for deg?

– Det er når eldre kan leve trygge og aktive liv, tilpassa den enkelte. Eg er opptatt av at dei eldre skal kunne takle den digitale kvardagen og at dei som ikkje klarar det skal få hjelpen dei treng.

– Har vi eit slikt eldrevenleg samfunn?

– Nei der har vi eit godt stykke å gå. Ta for eksempel dette med at ein ikkje kan føre buss etter at ein har fylt 75 år. Eg synest dette bør vurderast individuelt og ikkje behandlast på same måte for ei heil gruppe.

– Men er du ikkje redd for trafikktryggleiken?

– Min meining er at dette må vurderast frå person til person, og at vi ikkje kan sjå på dei eldre som ei einsarta gruppe. For nokon går det heilt fint å køyre buss etter fylte 75, for andre ikkje.

– Ser du teikn på diskriminering av eldre i det norske samfunnet?

– Ja det vil eg absolutt seie. Berre det at mange utelukkande ser på eldre som ei byrde, vitnar om at dei blir diskriminert. Vi må hugse på alt dei eldre bidrar med, og ikkje minst kor mykje vi kan lære av dei. Sjølv er eg så heldig at eg har både foreldre og besteforeldre i live, og det er ikkje tvil om at dei er ein ressurs for samfunnet.

– Synest du at eldre i Noreg har nok å rutte med?

– Også her må vi slutte å sjå på eldre som ei gruppe. Mange eldre har god økonomi som gjer at dei kan leve gode og aktive liv. Men blant dei som må leve på minstepensjon eller er blitt uføre, er det mange som slit. Det må bli slutt på at vi seier at alle eldre har god økonomi, for slik er det ikkje. Det kjem veldig an på kven du spør. Vi i Frp er opptatt av å sikre alle ein god pensjon, og er ikkje redd for å prioritere bort satsinga på for eksempel det grøne skiftet for å sikre gode pensjonar.

«Eg er opptatt av at dei eldre skal kunne takle den digitale kvardagen og at dei som ikkje klarar det skal få hjelpen dei treng.»

– Synest du vi tøyer strikken for langt når det gjeld dei pårørande si rolle med å ta vare på dei eldre?

– I mange tilfelle gjer vi nok det. Det er ein akutt mangel på sjukeheimsplassar og avlastning mange stader, og dette må vi få gjort noko med. Det er derfor vi i Frp vil ha på plass statleg finansiering slik at tilbodet blir meir likt landet rundt. Du skal ikkje vere avhengig av å bu i ein rik kommune for å få sjukeheimsplass. Vi har alle eit ansvar for å sikre ein god alderdom for alle. Mange er heldige og har barn og barnebarn som kan hjelpe dei, men det er også dei som ikkje har det og som ikkje taklar den digitale kvardagen. Vi er også opptatt av å få bygd nok aldersvennlege bustader rundt heile landet. Spesielt på bygda er det mange som ikkje har råd til å flytte frå einebustaden og inn i ein meir praktisk bustad.

Kva med deg sjølv, har du byrja å spare til eigen pensjon?

– Det har eg faktisk ikkje tenkt så mykje på. Vi sparar vel mest i eigen bustad slik det er no. Elles har eg tenkt å få meir tid til å lese når eg blir eldre. Og så håpar eg at det blir barnebarn. Men alt dette ligg langt framme i tid. No har eg full fokus på valkampen, og det er ikkje meg i mot at eldrepolitikk blir eit heitt tema i valkampen.