Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Vellukka sommartreff i Årdal

300 pensjonistar fekk oppleve natur og kultur i Årdal 19.-20.juni.

Det årlege sommartreffet vart arrangert i Årdal 19.-20. juni. Leiar i Årdal Pensjonistlag Odd Øvregard og hans medhjelparar hadde laga til eit fantastisk og tettpakka arrangement.

Nokre av oss vandra gjennom Utladalen og fekk ein lett dusj frå Avedalsfossen og ikkje minst frå Vettisfossen, godt rettleia og informert av flotte guidar.

Andre tok turen til Indre Ofredal, på spanande køyreveg med ein bratt, bratt, bratt tunell og omvisning "ne fø sjøn".

Tusen takk til alle dykk som gjorde dette til ei oppleving.

Klar for tur i Utladalen

Klar for tur i Utladalen

Guidane under Vettisfossen

Guidane under Vettisfossen

Indre Ofredal, "Ne fø sjøn"

Indre Ofredal, "Ne fø sjøn"

Sjølve treffet var i Kulturhuset i Øvre Årdal tysdagen. 300 personar frå 20 lokallag i fylket og frå eldresenteret i Årdal fylte opp salen og fekk oppleve eit variert program med Visit Årdal, Hydro og ikkje minst musikk med Longhorn.

Vi avslutta to flott dagar med mat hos Henrik på Samhold. Den var jammen god!

Salen vart fylt opp

Salen vart fylt opp

Svoltne og klar for mat

Svoltne og klar for mat

Tusen takk til Årdal Pensjonistlag for engasjement, positivitet og ikkje minst alt arbeidet de har lagt ned for å få dette til.

Leiar i Årdal Pensjonistlag, Odd Øvregard.

Leiar i Årdal Pensjonistlag, Odd Øvregard.