Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Generalsekretæren: Det er alvor no!

Året 2023 går mot slutten. Det gjekk fort. Pensjonistforbundet byrja året med å setje fattigdom på dagsorden. Det er vanskeleg å forstå kvifor vi toler at det er fattige i Noreg.

- 77 prosent av einslege pensjonistar med låg trygd lever under fattigdomsgrensa. Vi kjempar for alle pensjonistane og trygda sine kår. Alle skal ha det bra i Noreg, også dei med låg pensjon, sier generalsekretær Arne Halaas.

- 77 prosent av einslege pensjonistar med låg trygd lever under fattigdomsgrensa. Vi kjempar for alle pensjonistane og trygda sine kår. Alle skal ha det bra i Noreg, også dei med låg pensjon, sier generalsekretær Arne Halaas.

Pensjonistar er i ein særleg spesiell situasjon, sidan dei færraste kan påverke eigen inntektssituasjon ved å jobbe meir. Det store fleirtalet er einslege kvinner. Skal dei kome seg ut av fattigdomen, treng dei hjelp frå fellesskapet og då må regjeringa kjenne etter dei sosialdemokratiske røtene sine.

For det er alvor no. Vi høyrer om at stadig fleire må velgje mellom å betale rekningar eller å kjøpe mat, dette gjeld barnefamiliar og ein god del pensjonistar. Statistisk sentralbyrå har rekna ut at 77 prosent av einslege pensjonistar med låg trygd lever under fattigdomsgrensa. Vi kjempar for alle pensjonistane og trygda sine kår. Alle skal ha det bra i Noreg, også dei med låg pensjon.

Opprørt av Brennpunkt

Pensjonistforbundet vart opprørt etter å ha sett Brennpunkt-serien om eldreomsorg i Noreg, «Omsorg bak lukka dører». Det var trist og provoserande, og vi blir lei oss på vegne av dei eldre som opplever det som mellom anna Lilly (90) erfarte. Ho fekk ikkje den hjelpa ho trong for å få i seg mat og medisin. Dette var ei varsla krise. Kvaliteten i tenestene og talet på tilsette må aukast.

Pensjonistforbundet er glad for den grundige gjennomgangen Helsepersonellkommisjonen gjorde tidleg i 2023, og ser fram til den vidare oppfølginga i form av konkrete tiltak. Vårt krav er å ruste opp helsesektoren slik at den evner å levere tenester som sikrar pasientane tryggleik, verdigheit og kvalitet. Det skal fortsett vere slik i Noreg at vi har same tilgang til helse- og omsorgstenester, uavhengig av storleiken på lommeboka.

Krav om 8,54 prosent auke

I trygdeoppgjeret hadde Pensjonistforbundet krav om at alderspensjon under utbetaling skulle auke med 8,54 prosent, rekna frå 1. mai. Og slik vart resultatet.

Det tidlegare initiativet frå Pensjonistforbundet, SV og FrP i 2020 om eit anstendigheitsløft for pensjonistane, med krav om at underreguleringa med 0,75-fråtrekket vart fjerna. Pensjonen aukar no i takt med gjennomsnittet av lønns- og prisveksten. Den nye metoden gav ei auke i år på 8,54 prosent frå 1. mai 2023.

Statsminister Jonas Gahr Støre besøkte Pensjonistforbundets landsmøte i Lillestrøm. (Foto: Johnny Syvertsen)

Statsminister Jonas Gahr Støre besøkte Pensjonistforbundets landsmøte i Lillestrøm. (Foto: Johnny Syvertsen)

«Statsbudsjettet 2024 var ikkje oppløftande for dei trygda og eldre. Ei eldresatsing utan pengar, er ikkje noko. »

Engasjerte debatter på landsmøtet

Etter lang førebuing møttest 250 personar frå heile landet, til landsmøte i Lillestrøm 29. mai – 1. juni. Vi fekk også besøk av statsminister Jonas Gahr Støre, dåverande arbeidsminister Marte Mjøs Persen og helseminister Ingvild Kjerkol.

Eg vil seie at landsmøtet vart ein stor suksess, noko som evalueringa også har synt. Det var engasjerte debattar og nokre røystingar var spanande. Delegatane kunne vere nøgde med landsmøtet. Nokon var glad for vedtaka , andre ikkje. Slik er medlemsdemokratiet.

Bu trygt heime-reforma

Bu trygt heime-reforma er regjeringa si plan for korleis fleire eldre kan bu trygt og godt i eigen bustad lengst mogleg. For at reforma skal lukkas meiner Pensjonistforbundet at våre medlemar, lokale foreiningar og eldreråda skal vere aktive og gå i dialog med kommunen for å diskutere:

  • Eldreomsorga og bustadpolitikken må sjåast i samanheng og spele på lag. Å legge til rette for at fleire kan bu trygt i eigen heim, vil redusere behovet for helse- og omsorgstenester.
  • Kommunane må sikre målet om eit aldersvenleg samfunn både i tomteprioriteringar og utbyggingsprosjekt, og i planlegging av velferdstenester og omsorgstilbod.
  • Det er både behov for å tilpasse eksisterande bustadar og å bygge fleire nye tilgjengelege bustadar. Behovet er særleg stort i distriktskommunar. Husbanken må ha midlar til lån.

Opplæring av eldreråd  

Ei norsk nasjonal studie syner at 7-9 prosent av eldre heimebuande har vore utsett for ulike former for vald eller overgrep etter at dei fylde 65 år. Det kan dreie seg om omsorgssvikt eller handlingar av fysisk, psykisk, seksuell og materiell/økonomisk art. Dette rammar både kvinner og menn. I dei aller fleste tilfella er utøvaren av valden i nær relasjon til den utsette. Forsking viser at også bebuarar på sjukeheimar i Noreg blir utsett for ulike former for vald og overgrep frå tilsette, pårørande og medbuarar. Pensjonistforbundet arbeider med å redusere valden mot eldre.

Pensjonistforbundet, Senteret for eit aldersvenleg Noreg og KS samarbeider om opplæring av dei nyvalde eldreråda i kommunane og fylka. Kursa skal holdast i første halvår av 2024, på 14 ulike stader i landet. Behovet for slike kurs er stort, trur vi.

Statsbudsjettet 2024

Statsbudsjettet 2024 var ikkje oppløftande for dei trygda og eldre. Ei eldresatsing utan pengar, er ikkje noko. Vi påverkar politikarane så best vi kan, og håpar regjeringspartia og SV mellom anna vert samde om:

  • Auke dei lågaste pensjonane med minst 4 000 kroner for einslege
  • Ein reform som skal sikre at tannhelse ikkje kostar meir enn andre helsetenester. Tenna er ein del av kroppen!
  • Auke minstesatsen for uføretrygda med 7 500 kroner og skjerme uføre heilt mot effekten av levealdersjusteringa
  • Midlar til eldrepolitiske tiltak hadde landets pensjonistar også sett pris på

2024 kjem snart

Dette er berre nokre av sakene vi har sysla med i år. I tillegg har det vore mykje kurs, opplæring og flotte møter i lokalforeiningane. På den måten held vi oppe aktiviteten og fleire vil bli med på laget. Det skal vi fortsetje med – dei beste vervarane bur i lokalsamfunnet.

Åra går fortare no enn før, tykkjer eg. Eg hugsar enno åra i barndomen i Bud, som verka å vere uendeleg lange. No så fyker åra av garde. Før vi eit ordet om det er vi over i neste år og vi ser fram til eit aktivt år i 2024 også!