Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Årsmøte 2024

Alexandra Hotel Molde 13. og 14. mars.

Fylkessekretær Aud-Berit Eidhammer, Fylkesleder Anne Lise Hessen Følsvik, Helge Røv, Magnhild Gjelsten Søvik, Ole Stokke, Bengt G. Eriksson, Paula Næss Skår, Roger Arne Hammer, Eli Kjøde og Jens Peter Jelle.

Fylkessekretær Aud-Berit Eidhammer, Fylkesleder Anne Lise Hessen Følsvik, Helge Røv, Magnhild Gjelsten Søvik, Ole Stokke, Bengt G. Eriksson, Paula Næss Skår, Roger Arne Hammer, Eli Kjøde og Jens Peter Jelle.

Pensjonistforbundet Møre og Romsdal var samla til fylkesårsmøte i Molde 13.og 14. mars. Med eit par unnatak var alle dei 54 lokallaga i fylket representert. Første dagen var ein såkalla Temadag, der Pasient- og brukarombodet ved Øystein Svendsen orienterte om rettane ein har som pasient.

Forbundsleiar Jan Davidsen deltok på årsmøtet, og heldt eit engasjerande innlegg om den eldrepolitiske situasjonen i landet.

Fylkesårsmøtet vart helsa velkomne til Molde av ordførar Trygve Grydeland, og fylkespolitikarane Anne Marie Fiksdal (FrP) og Geir Ove Leite (AP) snakka om eldrepolitikken i fylket.

Grete Ystgård frå RVTS (Ressurssenter om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging) Midt innleia om «TryggEst», eit tema som skal vere med å hindre, avdekke og handtere vald og overgrep imot vaksne og eldre som ikkje kan verge seg sjølv. Dette programmet burde vere etablert i alle kommunar, oppfordra Ystgård, noko det ikkje er.

Andre dagen vart årsmøtet avvikla med vanlege årsmøtesaker. Årsmelding, rekneskap og budsjett vart samrøystes vedtekne. Dei andre årsmøtesakene, i lag med val til fylkesstyret vart også alle samrøystes vedtekne. Anne Lise Hessen Følsvik, Giske, vart attvald som fylkesleiar for 2 år.

Fylkessekretær Aud-Berit Eidhammer og Fylkesleder Aud-Berit Eidhammer.

Fylkessekretær Aud-Berit Eidhammer og Fylkesleder Aud-Berit Eidhammer.