Pensjonistkveld

NB! Onsdag 26. mars kl 18.00 på Utsikten

Pensjonistforbundet er ein partipolitisk uavhengig og livssynsopen, landsomfattande organisasjon i eit ope samfunn. Formålet er å samle alle pensjonistar i eitt forbund for dermed å stå sterkare saman. På grunn av naturleg avgang av medlemmar, treng pensjonistforbundet at pensjonistar, alle pensjonistar, er med på å løfte fram denne aldersgruppa.

  • Film om linefisket frå Lepsøya på 1950-60-70-talet. Del 2.
  • Quiz ved Paul.
  • Husbandet speler.

Det vert god mat, kaffi og loddsal.

100,- kr for mat, loddsal og husleige.

Alle pensjonistar er hjarteleg velkomne!

Arr. Pensjonistforbundet Lepsøy.