Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Tresfjord pensjonistlag på tur til Finnøya.

Søndag 4. september drog Tresfjord pensjonistlag med full buss på tur til Finnøya på den nyåpna Nordøyvegen. Turen gjekk med Storfjord Turbuss via Vikebukt og Tresfjordbrua til Skjelten der vi tok på guide for turen, Gunnar Standal frå Haramsøya. Vidare køyrde vi over Lepsøybrua og ned i tunnel til Haramsøy, der vi stoppa ved Haram kyrkje og vart vist rundt inne og ute. Så gjekk turen vidare til Flemsøy/Skuløy og tunnel til Fjørtofta. Der køyrde vi gjennom Burbergtunnelen og så under havet igjen i tunnel til Harøya. Deretter fortsette vi over Finnøymoloen og fram til Finnøy Havstuer. Der vi fikk servert ei god fiskesuppe til lunsj. Vi kosa oss i fineveret på Finnøya mens ei gruppe på 15 fekk omvisning i Finnøy motormuseum og var med på oppstart av motoren som hadde stått i rutebåten Legona. På tilbakevegen vart vi guida rundt på Fjørtofta og på Lepsøya før vi stoppa i Brattvåg og fekk servert sosakjøt og kaffe på Brattvåg hotell. Til slutt gjekk turen heim att til Tresfjord. Vi takkar sjåføren for trygg og sikker køyring i flott buss, og til Gunnar som guida oss rundt i øyriket.