Fjellgard - Geirangerfjorden
Publisert 7. aug. 2023, kl. 13:49
Sist redigert 7. aug. 2023, kl. 13:49
Eit lite referat frå Stordal og Liabygda Pensjonistlag sin
TUR MED HAVILA KYSTRUTER
22. juni var 30 stk klare til å dra på dagstur til Geiranger med Havila Kystruter. Storfjord Turbuss v/sjåfør Bjørn Ove Olsen kjørte oss til Ålesund der vi gjekk om bord i Havila Kystruter kl. 10:00.
Sjølv om ikkje sola skein akkurat denne dagen, var veret likevel fint – vi slapp skodde og regn. Vi fekk oppleve sjøvegen frå åpent kystlandskap til meir tronge fjordarmar med sine høge, majestetiske fjell og brusande fossefall. Sjøvegen frå Ålesund til Geiranger er ca 120 km og tek ca. 3,5 time.
Medan vi kosa oss med kaffi, lunsj, god prat m.m. , fekk vi nyte det praktfulle landskapet som langsomt glei forbi oss. Det var kjekt få sjå landsbygdene frå sjøsida. Dess lenger inn i fjorden vi kom, var det spesielt interessant å sjå dei fråflytta fjellgardane som nærast klorer seg fast i fjellsidene – Skotet, Skjortneset, Korsedalen, Vidhammer, Stordalsholmen, Smoge, Åkneset, Matvika, Oalsbygda, Skageflå, Blomberg og Knivsflå m.fl..
Vi kom på nært hald av dei kjente fossane Dei sju Søstre, Friaren og Brudesløret og fjellformasjonen Preikestolen. Dei to mest kjente fossane i Geirangerfjorden er Knivsflåfossen – betre kjent som DE SJU SØSTRE og FRIAREN. Dei to fossane ligg på kvar si side av fjorden, og når ein ser nærare på fossen FRIAREN, legg ein merke til at nederst er berget forma som ei flaske og fossen deler seg brusende på kvar side. Då seier historia at FRIAREN prøvde å fri til alle SJU SØSTRE, men fekk «Nei.» Derfor slo han seg på flaska…..
I 2005 blei Geirangerfjordområdet innskrive som Vestnorsk fjordlandskap på UNESCO`s liste over verdens kultur- og naturarvstader
Dette er naturen på sitt villaste og vakraste !
Ein fin tur med sosialt samvær og fine opplevingar vart avslutta ca kl. 20.00.
NVB