Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Stordal og Liabygda penjonistlag

Medlemsmøte

Table Iceberg  (bordisfjell)

Table Iceberg (bordisfjell)

Stordal og Liabygda pensjonistlag sitt første møte etter sommarferien, vart halde på Grendahuset onsdag den 13. september. 

Då møtet starta kl. 14:00 var nesten alle stolar og bord fullsatt – i alt 68 møtte fram denne dagen, Sjølv om vi ser fjelltoppane har fått eit fint slør av kvit nysnø i løpet av natta, var det ein fin haustdag.

Leiar Ann Elise opna møtet med å ynskje alle hjarteleg velkomne og håpte alle hadde hatt ein fin sommar.

Musikarane Fylling og Skrove var på plass og spelte opp til opningssangen vår «Sangen til bygda»

Lys vart tent og vi hadde ett minutt stillheit til minne om avdøde medlem Leif Overå.

Inger Lianes Hove las eit fint dikt av Halldis Moren Vesaas – «Om at leve i nuet»

Forfattar og pensjonert lærar Audbjørg Gjerde Lippert fortalde og viste bilder frå turen ho hadde til Antarktis ved nyttårstider 2009.  Etter nokre dagar i Buenos Aires flaug dei vidare til øygruppa Ildlandet - ei øygruppe som dannar Sør-Amerikas sørspiss. Her låg båten «FRAM» og venta på dei ca 235 spente og forventningsfulle personane som skulle vere med på denne turen/ekspedisjonen. Det tok eit par døgn før dei nådde land på Antarktis. Nokre stader var dei på land, andre stader utsyn frå båten.  Antarktis er eit område som ingen hadde vore på før for eit par hundre år sidan, berre observert av enkelte rundt 1820. Den første som steig i land, var visstnok nordmannen Carsten Borchgrevink – Han var leiar for British Antarctic Expeditionen i 1898-1900. Viktige meteorologiske og magnetiske observasjonar blei gjort då. Så hadde vi nordmannen Roald Amundsen som nådde fram til sjølve Sørpolen i 1911. 

Først då dei kom til Peterman Island, ei lita øy på vestkysten av Antarktishalvøya, fekk dei gå i land. Her var det ein britisk forskningsstasjon frå 1941-1962. Den vart imidlertid opna igjen som museum i 1996 og turistane fekk kome innom museet. Då måtte dei berre kjøpe kort og sende heim til seg sjølve - Eit bevis og minne om at dei virkeleg hadde vore til Antarktis .  Eit minne som sit sterkt att hos Lippert, var dei fascinerende flytande isfjella i Wilhelmina Bay. Her losna også eit isfjell ikkje langt frå der «FRAM» låg og ho såg det frå lugarvinduet sitt - både ein opplevelse, men også litt skremmande.   Synet av Table Icebergs (bordisfjell) på Antarctic Sound var også veldig spesiell fordi fjella her var heilt flate på toppen og opptil 5 km lange  Fuglar og dyr var også å sjå på Antarktis – spesielt var synet av pingvinane av ulike slag. Heile strender og oppetter fjellsidene var dekte av dei. Elles var der kval, spekkhoggere, sjøløver og sel – dei fekk sjå litt av kvart.

Det var interessant å høyre frå ekspedisjonen både i ord og i bilder.  Tusen takk til Audbjørg Gjerde Lippert.

Takk også til Fylling og Skrove for sang og musikk, ispedd med gode og morsomme historier.

Så var det tid for kaffipause og prat. Kjøkkengjengen serverte karbonade- og salatsmørbrød, samt kringle.  Det smakte veldig godt og praten gjekk livlig rundt borda. Viktig også å få god tid til å prate med kvarandre innimellom underhaldninga – ein del av det å kome saman.

Åresalet gjekk unna og fleire gjekk heim med gevinstar i handa.

Leiar gav ei orientering frå den fine turen pensjonistlaget hadde til Savalen 06.-08. september. Geiranger Turbuss v/ Tobben var sjåfør og guide. Turen starta frå Stordal over Trollstigen med stopp og lunsj på Dombås.. Då dei kom til hotellet – Savalen Fjellhotell og spa - vart dei mottekne av eit hyggelig vertskap, god service og ein god felles middag litt seinare. Hotellet hadde mange fasiliteter som kvar og ein kunne benytte seg av, treningssenter, innendørsbasseng, sauna mm. Dag 2 var det tur til gruvebyen Røros. Gruvene er nedlagde og andre næringar har teke over, men byen og minna er likevel mange. Fekk bl.a. omvisning i den heilt spesielle åttekanta Røros kirke frå 1784, også kjent som Bergstadens Ziir. Det var også tid til ein liten handlerunde før ein køyrde attende til hotellet for middag/sosialt samvær/dans. Dag 3 var det avreise etter frokost med lunsj underveis. Vêret var flott på heile turen og alle gav uttrykk for at dei var storleg fornøgd.

Vidare orienterte leiar om Fjordafesten som skal vere den 14. oktober. Mange bedrifter har sponsa laget, anten økonomisk eller ved å gi store verdifulle gevinstar til utlodning. Arrangering av Fjordafesten vert elles kunngjort ved plakatar og kunngjering i lokalavisene. Påmeldingsfrist er 01. oktober.