F.v.: Leiar i Midsund Pensjonistlag Kjell Bjørnerem og Generalsekretær Arne Halaas
Publisert 2. sep. 2022, kl. 04:50
Sist redigert 2. sep. 2022, kl. 12:36
Onsdag 31. aug. var det medlemsmøte på Midsund Gjestestove. Salen var heilt fullsett med 64 personar.
Vi hadde besøk frå Oslo, Arne Halaas, som er forbundet sin nye generalsekretær. Han hadde generell informasjon om forbundet, og belyste trygdeoppgjøret per mai 2022. Han fortalte også om forbundets gjeremål og såg framover mot landsmøtet i juni 2023.
Leiar hadde ein del info, bl.a. om busstur til Nordøyvegen onsdag 7. sept. og 50-års jubileum sundag 25. sept. Etter ein god middag, takka vi for eit kjekt og fint møte. Det såg ut som medlemmane koste seg, ikkje minst dei fire nye medlemmane.