Havbilde
Publisert 4. mai 2022, kl. 09:41
Sist redigert 4. mai 2022, kl. 09:41
35 frammøtte. Hans Edvard Olsen frå Pensjonistforbundet hadde eit interessant foredrag om nordnorsk humor, med mange gode eksempel. Til tross for klare meldingar på førehand om behov for framvisingsutstyr; prosjektor, lerret og lydanlegg, oppstod det tekniske vanskar. Vi greidde ikkje å løyse lydproblemet. Vi starta treffet 10 min over tida, og foredragshaldaren greidde å endre opplegg og framførde foredraget utan bilde/videosnuttar. Ei utfordring for pensjonistlaget at dette ikkje må skje igjen.
Kari Fismen losa oss gjennom programmet, med ord for dagen og allsong. Ho takka også Hans Edv Olsen for foredraget med bok om Anders Askevold.
Karbonadesmørbrød, kaffi og kringle smakte godt. Underhaldning under måltidet med song og musikk ved Jakob Øyren og Jarl Audun Rivedal, ispedd godt humør og små historier.
Til tross for tekniske vanskar og litt tett program ei vellukka samling.