Torsdag 1. juni var siste ordinære møte i Ørskog pensjonistforening før sommarferien. Skjønt heilt ordinært var det ikkje. Møtet vart halde på Vaksvik grendahus med gratis skyss frå Sjøholt. Det var potetball middag på menyen og kaker og kaffi.
Mange, kring 60 personar, hadde tatt vegen til Vaksvika denne ettermiddagen og potetball med tilbehør smaka riktig godt.
Ola Rotnes sytte som vanleg for opplegg og akkompagnement til allsongen med perfekt toneart som passa for oss.
Etter maten var det program i Vaksviks teikn. Først ut var Brit Skjelten som kåserte om korleis det var å flytte til Vaksvika frå Oslo for 43 år sidan. Litt anna kultur kan ein seie, og nokre språkproblemer, men elles ein god erfaring både på kort og lang sikt.
Neste mann ut var Pål Viset, som litt meir seriøst viste bilder og fortalde frå Vaksvik og Visets historie rundt 1945-60 om, mellom mykje anna, jordbruket, maskinparken som fungerte bra nok på den tida og om steinbrot med utvinning av «gabrostein» på Viset. Vi fekk også litt historie rundt buda nede ved sjøen i Vaksvika som etterkvart blei møbelfrabrikk, ein forløper til Furseth møbelfabrikk lenger oppe i Vaksvika. Til sist om skulen og artige gjensyn med bilder av barn og ungdom som til dels sat i salen som godt vaksne no.
Etter ei ny matøkt med vaflar, kaker og kaffi, fortsatte programmet med Vaksviks store son, Knut Ivar Bøe. Han avslutta med å spele vakker og variert musikk på trekkspelet sitt, krydra med anekdotar frå eit liv full av musikkopplevingar i inn og utland.
Tradisjonen tru var siste post på programmet åresal og utlodding av gevinstar, før skyss og køyring heimatt etter ein triveleg ettermiddag/kveld i lag.