Dei som sykla på pensjonistforbundet sin sykkkel frå Førde Pensjonistlag finn du heilt til venstre med norsk flagg. Odd Skrede var passasjer medan Oddvar Flataker var syklist. I tillegg stilte Gaular Pensjonistlag med Kjell Ivar Aase (syklist) og Ragnhild Lise Korsvoll som passasjer..
Publisert 15. sep. 2022, kl. 20:00
Sist redigert 15. sep. 2022, kl. 20:00
Pensjonistforbundet sin hyllest til frivilligheita var mellom anna å arrangere sykkelstafett frå Nordkapp til Arendal.
Stafetten kom til oss den 23. juni, og vi var med å sykle ein av dei spesiallaga syklane (el-sykkel) der det er lov å ta med ein passasjer. vår etappe var frå Statens Vegvesen på Kronborg til Movika.
I tillegg til Oddvar Flataker(syklist) og Odd Skrede (passasjer) var vi 15 - 20 frå vårt lag som sykla i lag med dei til Movika.
I Movika var det grilling, "Ta sjansen", bålbrenning og anna jonsokmoro. I tillegg til sykkelturen hadde vi også ein informasjonsstand i Movika.