Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Julebord på Nilsgardstunet

Stordal og Liabygda pensjonistforening ved leiar Ann Elise Dyrkorn

Stordal og Liabygda pensjonistforening ved leiar Ann Elise Dyrkorn, har invitert til julebord, tysdag, 07.12.2021 kl 16. Veret og føret er bra.

Klokka går mot 16, gjestene er i kjømda, Ann Elise står i døra og tek imot.

Smittevernreglane er ivaretekne på ein god og praktisk måte.

Då klokka rundar 16, ynskjer Ann Elise 30 gjester vel møtt, og seier mellom anna at vi er ikkje så mange, men vi skal ha det kjekt likevel. ”Sangen til bygda” med Marius Berglund på trekkspel, er den naturlege opninga.

Etter ei lita stund med finpuss på kjøkenet, kjem maten, alt som høyrer til tradisjonell julemat. Vi forsyner oss og vi et godt, medan praten går. Maten er av vanleg Nilsgardstunet kvalitet -  premium.

Når gjestene er forsynt, tar vi ein pause og syng ”Julekveldsvisa” med trekkspelet attåt.

Så kjem eit velfylt dessertbord frå kjøkenet, vi forsyner oss og vi et igjen.

Ann Elise er tydeleg oppteken av at vi skal ha det bra, og spør fleire gonger om det og får stadfesting av trivselen.

Etter desserten, inviterer Ann Elise til ein minikonsert med Marius Berglund. Han spela i om lag 40 minutt, mange nummer vekslande på trekkspel og to-rader, reine virtuosen. Samstundes gjekk praten, kanskje ikkje så høglytt som den ville gjort uten musikk. Og kanskje måtte musikaren  konsentrere seg litt meir enn han hadde trengt uten praten.

Då er vi nøgde, reiser oss og syng ”Deilig er jorden”.

Ann Elise takkar for frammøtet og håper vi kan treffast på medlemsmøte andre onsdagen i januar, og ynskjer God Jul til alle og ynskjer alle Vel heim.

Klokka 19 er vi ute igjen.