Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Julebord Ørskog pensjonistforening

Rekordoppslutning på Ørskog pensjonistforening sitt julebord på Ørskog kulturhus

Klare for årets julebord

Klare for årets julebord

BBG Sax-Trio i aksjon. Flott musikk vi  liker å høyre på.

BBG Sax-Trio i aksjon. Flott musikk vi liker å høyre på.

Vi kom til fint dekka festbord og leiar Grethe Leikny Gjerde opna med å ønske alle hjarteleg velkomne. Seniorkoret, leia av Ola Rotnes, vartet opp med variert program. Åse Reite las tekst frå hyrdemarken og Jesu fødsel, og koret fulgte opp med «Sjå tusen julelys», alt i nynorsk språkdrakt må vite. Allsong vart det også, først med stemningsfulle «Nordnorsk Julesalme» akkompagnert av koret.

Maten var upåklageleg med alt ein kan ønskje seg av ein sunnmørsk julemiddag. Tre dyktige damer (Ingebjørg Vestre, Else Karin Lied og Reidun Davik) hadde takka ja til å hjelpe til med kjøkkenteneste og matservering, så alt gjekk saumlaust for seg frå først til sist.

Reidun Klock Tjervåg held kåseri om julehandel på Sjøholt i 50-åra. Det var mange butikkar og handtverkstadar langs med hovudgata gjennom tettstaden. Det var mangt ein kunne ønskje seg frå freistande utstillingsvindu, men akk så uoppnåeleg for mang ein lita jente og gut på den tida. Det var heller ikkje lett å få bada seg til jul. Det var fram med stampen for ein liten kropp, men elles var eit badekar temmeleg uoppnåeleg for dei fleste. Kan hende var det fleire som kjende seg att i forteljinga frå denne tida.

Det vart tid for kaffi og gode saker før gutta i Bbg sax-trio spela opp med fin og variert musikk og mange svinga seg etterkvart på dansegolvet. Ein kjekk kveld var det, så det er berre å gle seg til neste jul.

Seniorkoret skaper julestemning

Seniorkoret skaper julestemning

Reidun Klock Tjervåg fortel frå julehandel på Sjøholt i begynnelsen av 50-åra.

Reidun Klock Tjervåg fortel frå julehandel på Sjøholt i begynnelsen av 50-åra.

Grethe Leikny orienterer om kveldens program

Grethe Leikny orienterer om kveldens program

Seniorkoret er klar til å underhalde med song og allsong

Seniorkoret er klar til å underhalde med song og allsong

Julemiddagen er servert

Julemiddagen er servert

Litt godsaker etter middagen

Litt godsaker etter middagen

Kjøkkengjengen i aksjon

Kjøkkengjengen i aksjon