Regionsamling for Setesdalen ++ på Revsnes 23. oktober kl. 10

Revsnes hotell har adresse Setesdalv. 2031.

Pensjonistlaga i Bykle, Valle, Åmli, Bygland, Evje og Hornnes og Vennesla skal delta med nokon av sine tillitsvalde denne dagen.

Program for regionkonferansane i Agder hausten 2024

Styret i Pensjonistforbundet Agder og VOU (Verve- og organisasjonsutvalet) ynskjer velkomen til regionkonferansar. Målet med dette er å styrkje samarbeidet og kontakten med fylkesorganisasjonen og mellom foreiningane. Så langt det er mogleg vil fylkeskontakten for foreiningane vere til stades.

Tidsramma er kl 10.00 – 15.00 med nonsmat mellom kl. 12-13. (Kan variere noko frå stad til stad)

Me har sett opp eit rammeprogram – nokon av programpostane kan av praktiske grunnar byte plass.

Agenda: Velkomen v/styret: - Kvifor regionkonferanse/forventningar til dagen. Me legg opp til mest mogleg praktisk arbeid og deltaking frå dei frammøtte og plukkar ut særskilte tema som me meiner er viktige for å lukkast som tillitsvald i lokallaget. Korleis plasserer di pensjonistforeining seg i dagens samfunn og korleis ta tak i utfordringane du har?

Fyrste bolk kl. 10-11: Målet og oppgåvene i eit styre som bør prioriterast fyrst, brønnøysundregistrering, planlegging og gjennomføring av aktivitetar

Andre bolk kl. 11-12: Verving – korleis få nye medlemer? Korleis få folk til å ta på seg verv? Inspirasjon til valnemnda

Nonsmat kl. 12-13

Tredje bolk kl. 13-14: Kontakt/kommunikasjon med medlemene: Korleis sende sms via TVV, dele ut informativt hefte om facebooksider/nettsider; viktig å «like», moglege datafolk i laget.

Fjerde bolk kl. 14-15: Samarbeidsutval – kan det brukast «overalt»? – Og korleis? Oppdatert informasjon frå Pensjonistforbundet om viktige saker; handlingsprogram. Prosentlureriet. Samarbeid med Fagforbundet.

Me tek nokon gode erfaringsutvekslingar - til inspirasjon og glede for kvarandre, håper me – vel møtt!