Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Julebord, julemat og svingom med BBG Sax-Trio på Ørskog kulturhus 14. desember kl.18.00

Seniorkoret står for underhaldning med julesongar.

Skrevet av:
Brit Imsland Skjelten

Påmelding til julebord Julebord med Ørskog pensjonistlag

Velkomen til julebord torsdag 14.12.2023 kl. 18 på Ørskog kulturhus

Det blir julemiddag med dessert frå Sjøholt catering, og kaffi og kaker som seg hør og bør. Til middagen blir det servert mineralvatn og alkoholfritt øl. Ønsker ein seg anna drikke til maten, tek ein det med sjølv.

Undervegs blir det underhaldning med Reidun Klock Tjervåg som kåserar om jul her i Ørskog på 50-talet, ei tid med mange butikkar og stor begeistring i barneflokken over juleutstillingene i dei mange butikkvindua. Bading til jul var også ein stor og arbeidskrevjande seremoni, særleg for dei som mangla både bad og varmtvann i huset..

Seniorkoret, leia av Ola Rotnes, har leita fram fine songar til jul, og gler seg til å dele den gode opplevinga med korsong og med allsong.

Så får vi besøk av BBG Sax-Trio med Karl Bjørge, Otto Bjørge og Leif Glomset, alle tre med Tenorsax. Dei speler populærmusikk i hovudsak frå 70-, 80- og 90-talet. Her blir det og moglegheit for å svinge seg litt på dansegolvet.

Vel møtt!

Påmelding til Grethe Leikny/41417815 og Randi Vestre/95236009 innan 12.12.

Pris kr. 400 for medlemar og kr. 500 for andre.

BBG Sax-trio skal få det til å svinge

BBG Sax-trio skal få det til å svinge