Dagstur Tysnes rundt 3. mai 2023

Pensjonistforeningen Søral - Hydro Husnes arrangerer dagstur Tysnes rundt med eigen buss onsdag 3. mai. Påmelding innan 13.april 2023

Dagstur Tysnes rundt 3.mai 2023

Start på Husnes 09:15 til Årsnes, ferje til Gjermundshavn.

Vi tar ein liten stopp på Våge før vi køyrer til Uggdal og får omvisning på E.H.Vaage Landhandel & Bakeri.

Turen går vidare til Håheim gard for 2-rettars lunsj/middag.

På Onarheim tar vi ein ny stopp før vi køyrer til Årbakka Handelstad for omvisning.

Deretter er det tilbake til Husnes.

Påmelding: innan 13.april 2023 til

  • Øyvind Skogseth mob.91735877
  • Norid Stuhaug Sæbø mob.91573277
  • Pris kr 635,- for medlemmer
  • Pris kr 835,- for ikkje medlemmer