Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

VALDERØY PENSJONISTLAG PRESSEMELDING:

Valderøy Pensjonistlag hadde årsmøte 02. februar på Aalesund Airport Hotel, Ytterland.

Valderøy Pensjonistlag hadde årsmøte 02. februar på Aalesund Airport Hotel, Ytterland. Årsmelding og rekneskap vart samrøystes godkjent, det same gjeld også dei andre årsmøtesakene.

Årsmeldinga viser eit aktivt år for Pensjonistlaget, trass i at pandemien har hindra mykje av det tradisjonelle lagsarbeidet.

Med grunn i tilskot frå Statsforvaltaren, gjennom Pensjonistforbundet i Møre og Romsdal, har vi hatt fleire store arrangement for pensjonistane i kommunen. I samarbeid med Vigra Pensjonistlag og Giske Frivillegsentral, kunne vi tilby ei gratis forestilling av Giskespelet for pensjonistane i juni. Det same galdt ein konsert i Vigra Kyrkje i oktober, med Henning Sommerro og Dag Fillip Roaldsnes, der det også var gratis inngang. Vi fekk og midlar til ein flott busstur i august, og til julebordet vi hadde i november.

Etter vala ser styret i Valderøy Pensjonistlag slik ut:

Anne Lise Hessen Følsvik, leiar, Erling Stokke, nestleiar, Lars Nilsson, skrivar, Unni Klokk, kasserar, Hermod Jørgensen, styremedlem. Varafolk: Aase Målfrid Sæther og Turid Kristiansen.