Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

TUR TIL SEKKEN ONSDAG 31.05.23

VIKE OG VÅGSTRANDA PENSJONISTLAG, TUR TIL SEKKEN ONSDAG 31.05.23

I staden for ordinært medlemsmøte i mai, ønska vi å arrangere ein busstur som avslutning til sommaren. Forslaget om tur til Sekken vart lufta på medlemsmøtet vårt i april, stor interesse blandt dei frammøtte. Leiaren sendte ut informasjon til alle medlemmane i pensjonistlaget samme dag. Påmeldingsfrist 01.05.23, « først til mølla»-prinsippet.

Stor interesse for å bli med, ikkje alle fekk plass då det var plass til kun 24 personar pluss guide i bussen. 

Dette var ein guida busstur Sekken rundt, ca 2 mil. Vi reiste med ferge til Molde der vi etterpå tok ferge til Sekken. På fergekaia sto bussen og venta på oss. Sjåføren vår var Jon Ingar Eik, guiden vår var Just O. Vestad. Dette var ein lokalkjent mann som kjente til alle krikar og kroker på øya, opplysningar som han formidla til oss underveis på heile turen. Mange fine naturperler, her var både hyttefelt og fastbuande på fleire av stadane vi passerte. (Seterneset, Storvika, Melvika, Skogvika, Romdalvika, Vestadstranda, Eik og Sekkenes). Den kjente kunstnaren Paul Gåsøy vart fødd og vaks opp i Romdalvika. 

Mange legg også turen til Sekken for å ta ein sykkeltur øya rundt, populært turmål. På turen fekk vi også sjå ein hjort som sprang over vegen. Her fins også elg og rådyr på øya kunne guiden fortelje.

Første stopp var Sekken kirke. Inne fekk vi av guiden vår fortalt historia om bygging av kirka som sto ferdig i 1908. Mette Heimdal Eik orienterte oss deretter om dei ulike kunstverka i kirka (altertavla etc.). Ovanfor kirka står ei støtte til minne om Håkon Herdebrei som falt ved slaget på Sekken i 1162.

Deretter gikk turen til Sekken Museum der vi vart vi tatt godt imot av vertskapet. Her fikk vi servert nydelig fiskesuppe med tilbehør. Musikalsk underholdning ved Harald Morstøl. Han både sang, spilte piano og trekkspill. Allsang.

Etter måltidet rundtur/omvisning på alle museumslokalitetane. Her fann vi bl.a. skulemuseum og utstilling av tekstilkunst.

Servering av kaffe og kaker som avslutning før vi sette oss i bussen for å starte på heimreisa.

Ein fantastisk innholdsrik og flott tur som vi kan anbefale på det varmaste!