Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Stordal og Liabygda pensjonistlag

Referat frå medlemsmøte 10. januar 2024

Glimt frå salen

Glimt frå salen

Elevane frå hjelpebedrifta - Vasanthavasan, Bonsaksen Remme og Støversten.

Elevane frå hjelpebedrifta - Vasanthavasan, Bonsaksen Remme og Støversten.

Nok eit år er historie, og Stordal og Liabygda sitt første medlemsmøte i 2024 vart halde på Grendasalen onsdag 10.. januar

Her var karagjengen i sving og sette fram bord / stolar  og dekka fine bord m.m.  På kjøkkenenet førebudde damene god mat som seinare i møtet skulle serverast -   Alt var klart i god tid før møtet starta kl. 14.00 og heile 80 medlemar fann etterkvart  sin plass rundt borda.  Praten , latteren gjekk frå første stund,  - Og gledeleg var det å sjå at så mange hadde funne vegen til Grendasalen denne dagen.

 Leiar Ann Elise Dyrkorn ønskte alle hjarteleg velkomne med eit  ønskje om eit godt nytt år. Orkesteret «Nabolaget» spelte opp til pensjonistlaget sine tradisjonelle opningssangar «Sangen til bygda» og «Sangen til Liabygda»

2 medlemar har gått bort sidan sist vi hadde medlemsmøte. Lys vart tent og ett minutt stillheit vart halde til minne om Leif Stavdal og Ottar Storheim.

Hjelpebedrifta «Innsats for andre» er eit valfag for elevar ved Stordal skule. 3 elevar var tilstades og presenterte prosjektet som går ut på å hjelpe folk i bygda  med diverse gjeremål, som f.eks. handle, vaske, måke snø, hente post mm. Eit flott tilbud som dei håpte mange vil gjere seg nytte av.  Interesserte kan ringe tlf. 988 79 830 (Natalie Støversten) mellom kl. 17.00-20.00 alle kvardagar. Dei tok også fram at ei anna hjelpegruppe er tilgjengeleg for «Mobilhjelp» - denne gruppa er å treffe på Frivilligsentralen kvar onsdag mellom kl. 13:00-14:00. Begge desse tilbuda gjeld fram til vinterferien 19.-23. februar (veke 8).

Bjørnar Midtbust tok oss med på ei flott natur-reise -  det var bilder frå lavlandet, sæterstølar, fjelltoppar både i nærområdet og ute ved kysten. Det er ikkje berre naturen ein vart fascinert av, men også dei fantastiske fargane som han har fanga opp – glødande himmel over fjelltoppar som igjen speglar seg i blankstille sjø og fjellvatn, urørte snødekte marker og trær – stillheit/fred,   Vi fekk også nokre glimt frå turen dei har hatt til Dolomittane i Italia. Ein tur han anbefalte på det sterkaste.  Bjørnar er også ein sangglad person, og han framførte 2 songar som han sjølv hadde laga tekst til. Den første var til melodien «Har du fyr» , der han tolka ordet «Fyr» på fleire forskjellige vis ,- noko som fekk latteren fram hos oss. 

Takk til Bjørnar for fantastiske bilder, og med hans iver og forteljarglede vart nok trongen til å kome seg ut i naturen større for mange av oss som sat i salen. 

Innimellom programinnslaga underheldt «Nabolaget» oss med fin sang og musikk  framført på trekkspel, gitar og munnspel . Når ein tok eit blikk gjennom salen, såg ein kor  dei sang/nynna med - gjerne med eit smil om munnen. Denne muntre sangen/musikken av gamle gode slagere, treffer nok mange av oss i vår alder

Ikkje eit møte utan mat og kaffi.  Kjøkkengjengen serverte nydelige karbonade- og  salatsmørbrød, kringle og kaffi.   Og praten gjekk – tydeleg at det var kjekt kome saman.   Åresal høyrer også med på møta våre, og dette vart unnagjort i kaffipausen .   30 gevinstar vart etterkvart tildelt dei heldige vinnarane.

Styret har diskutert ymse tilbud til medlemane, bl.a. å kome igong med bowling igjen – noko som gir både litt konkuranse og det sosiale.  –  Det vart derfor sendt ut liste slik at interesserte kan skrive seg på. Ein vil kome attende til opplegget på møte den 07. februar.

Vidare orienterte leiar om at Seniortrimmen starter opp tirsdag den 16. januar på Grendasalen – – 1 gruppe kl. 14:00 og 1 gruppe kl. 15:00.   

Nabolaget spela opp og vi avslutta møtet med sangen «Singel og sand» . Ann Elise takka for frammøtet, ønskte alle vel heim og at ein må ta godt vare på kvarandre.

Møtet vart avslutta kl. 17:00.

NVB ref.