Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Stordal og Liabygda pensjonistlag

Fjordafesten 2023

Glimt frå salen

Glimt frå salen

  • Jenny Marita Sørås
  • Pensjonistforbundets Ungdomsfylking
  • Jenny Marita Sørås
  • Pensjonistforbundets Ungdomsfylking
  • Jenny Marita Sørås
  • Pensjonistforbundets Ungdomsfylking
  • Jenny Marita Sørås
  • Pensjonistforbundets Ungdomsfylking
  • Jenny Marita Sørås
  • Pensjonistforbundets Ungdomsfylking
  • Jenny Marita Sørås
  • Pensjonistforbundets Ungdomsfylking
  • Jenny Marita Sørås
  • Pensjonistforbundets Ungdomsfylking

FJORDAFESTEN vert kvart år arrangert i samband med FN´s Internasjonale Eldredag 01. oktober.

Dette arrangementet vert årleg arrangert av dei 3 lokale pensjonistlaga i Fjord kommune, og i år var det vårt lag – Stordal og Liabygda pensjonistlag – som hadde ansvaret for arrangementet.

Den 14. oktober var Stordalshallen klargjort til festen.

Sjølv om det var skikkeleg ruskever denne dagen med mykje regn og vind , møtte ein «varmen» når ein kom til Stordalshallen – ein festsal som var flott pynta med fine haustfarger og lys på borda.

Etterkvart vart salen fylt med festglade gjester – 137 personar fann sin plass ved borda. Her møttes folk frå heile Fjord kommune og praten gjekk frå første stund – tydeleg at det er kjekt å treffast.

Leiar Ann Elise Dyrkorn opna festen med å ynskje alle hjarteleg velkomne, spesielt til dei innbedne gjestane – Leiar i Møre og Romsdal pensjonistforbund Anne Lise Hessen Følsvik og Fjord kommune sin repr. Olav Løvoll.  Vidare retta ho ei stor takk til næringslivet som har støtta laget anten økonomisk eller ved å gi gevinstar:

Blåtind Boutique Hotel, Hofseth International, Helland Møbler, Bonett, Maschine- Control AS, Gjensidige Indre Sunnmøre, Sparebanken Møre, Anita Systue, Moe Entreprenør AS, Busengdal AS, Peder Øie AS, Joker Stordal, Sparkjøp Digerneset, Geiranger Turbuss.

Også takk til Fjord kommune for lån av Stordalshallen og kopiering av sanghefter.

Kommunepolitikar og leiar i Fjord eldreråd – Olav Løvoll – takka for invitasjonen og den store innsatsen Stordal og Liabygda pensjonistlag har gjort i samband med arrangementet. Han overrakte blomster som takk frå kommunen.

Etter at vi hadde sunge vår tradisjonelle opningssang «Sangen til bygda» - var det Anne Lise Hessen Følsvik som ønskte å seie nokre ord. Ho opna med å takke for invitasjonen og gratulerte med dagen - FN` s Internasjonale eldredag.  -Denne dagen blei første gong markert offisielt i 1990 og sidan den gong har dagen vore markert kvart år verda over.

Viktige tema ho tok fram var- :

-         Viktig å rette oppmerksomheit mot eldre menneske sine behov når det gjeld helse og god livskvalitet. Befolkninga vert eldre – i 2050 vil 1 av 6 vere i alderen 65+

-         FN`s motto i 2023 er brudd på menneskerettigheitene – noko som gjeld for alle – også eldre som mottek omsorg. Dei alvorlegaste brudda i Norge skjer overfor dei sjukaste og svakaste. Ho uttrykte skuffelse over tilstrekkeleg politisk vilje til å gjere noko med desse forholda.

-         Ein treng fleire sjukeheims- og heildøgnsplassar,

-         Ein treng fleire og betre kvalifiserte tilsette i eldreomsorga, samt betre arbeidsvilkår for dei tilsette.

-         Digital inkludering hos eldre. Mange er frårøva moglegheita til å utføre tjenester dei før har klart fint sjølve, men som manglande datakunnskap no sèt ein stoppar for. Pensjonistforbundet har i mange år jobba hardt for å få fram brukarperspektivet i alt som dreier seg om e-helse, velferdsteknologi og digital kommunikasjon.

-         Sjølv om pensjonistforbundet er ein nøytral organisasjon, oppfordra ho flest mogleg til å engasjere seg - bl. a. i dei kommunale eldreråda og andre stader der det går an å vere med å påverke.

Ho avslutta med eit fint dikt av Marie Lovise Widnes - «Livsglede»

Så var scena klar for musikalsk underhaldning.

Jenny Marita Sørås spelte piano og framførte 2 sangar med ei fantastisk innleving og stemme. Sangen «Nature boy - Aurora» har ho sjølv skrive teksten til.  Deretter sang ho «Floden» av Bjørn Eidsvåg.

Så entra Virusha Nagulesweran scena med sin fargerike og glitrande klednad. Ho fortalde at dansen ho skulle framføre heiter «Thilana» Dette er ein dans som stammer frå den klassisk indiske danseforma Bharatanatyam. Den er kjent for sine vanskelege rytmer, raske føtter og innfløkte bevegelsar.  Ein vart fascinert over å sjå korleis ho viste fram dei ulike rytmiske mønstera og det utfordrande fotarbeidet medan ho uttrykte musikken gjennom bevegelsane sine.

Stor applaus frå salen både til Jenny Marita og Virusha.

Orkesteret som laget hadde fått til underhaldning , var frå Stordal. På ein humoristisk måte presenterte dei seg for «PUF , Pensjonistforbundets Ungdomsfylking»   Det er no ein gong slik at vi i vår alder ikkje kjenner ungdomane så godt, men likevel er interessert i å høyre kvar dei kjem ifrå. Så her måtte dei fortelje namnet sitt og kven foreldra deira er – ein kjekk og morsom presentasjon.   Takk til «Pensjonistforbundets Ungdomsfylking» som underheldt oss med livlig sang og musikk.

Så var det tid for middag . Nydeleg kortreist biffgryte med tilbehør frå Nilsgardstunet vart servert av ein dyktig kjøkkengjeng. Medan bløtkake og kaffi vart fortært, fekk dei frammøtte høve til å kjøpe tombolaårer, samtidig som praten gjekk livlig rundt borda.

Bjørg Moltu kom på scena og framførte morsomme innslag i ord og tonar. – Med seg hadde ho «han som vann prinsessa og halve kongeriket» - Magne Staurset som var med som musikalsk tonefølgje . Det var visst ikkje så heilt lett å få han med seg til å gjere dette, men ho hadde både lokka og trua – ho hadde sine knep, meinte ho…. (latter)  Stordal og Norddal kommunar er no samanslått til Fjord kommune, og her tok ho fram viktigheita det er å få nær tilgang til kvarandre sitt kulturliv, fjella og naturen, gå dei same råsene – for ikkje å snakke om markedet – eit heilt nytt marked! Med ein snert av både humor og alvor fekk ho sagt nokre ord om legesituasjonen, dei store avstandane over fjord og fjell, sterke naturkrefter og ekstra utfordrande er det også no når dei har bestemt at ferga til Eidsdal skal ligge stille i 3 veker. – reine risikosporten – meinte ho. For å unngå at kommunen skal kome på Robeck-lista, avslutta ho med å ta fram tryllestaven med fylgjande ønskjer: Akra kadabra - budsjett i balanse, stå saman for å skape vekst og gode kår i alle bygdene, fellesskap m.m.

Takk til Bjørg for eit humoristisk innslag.

Så var det tid for trekning av alle gevinstane - alltid litt spenning rundt det.

Nestleiar Kristen Leganger overrakte blomster til leiar Ann Elise Dyrkorn som takk for det oversiktlege og gode arbeidet ho har gjort i samband med dette arrangementet, det fell ekstra mykje på henne når eit slikt arrangement skal gjennomførast.  Sekretæren i laget fekk også overrakt blomster som takk – overraskelse for begge to…

Avslutningsvis takka leiar alle frammøtte og håpa dei hadde kosa seg.

Vidare vart det retta ei stor takk til alle frivillige som har brukt tid og krefter for å få dette arrangementet vèl «i hamn» - både dagane før, under og etter festen.

-         Applaus frå salen som takk –

NVB

Sekr.