Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Stordal og Liabygda pensjonistlag

Referat frå medlemsmøte

Eit lite glimt frå den fullsatte salen

Eit lite glimt frå den fullsatte salen

  • Bernt Fylling og Halvor Sporsheim som underheldt oss med fin song og musikk
  • Bernt Fylling og Halvor Sporsheim som underheldt oss med fin song og musikk
  • Bernt Fylling og Halvor Sporsheim som underheldt oss med fin song og musikk
  • Bernt Fylling og Halvor Sporsheim som underheldt oss med fin song og musikk
  • Bernt Fylling og Halvor Sporsheim som underheldt oss med fin song og musikk
  • Bernt Fylling og Halvor Sporsheim som underheldt oss med fin song og musikk
  • Bernt Fylling og Halvor Sporsheim som underheldt oss med fin song og musikk

07. juni var vi samla til siste medlemsmøte i Stordal og Liabygda pensjonistlag før laget tek nokre månader sommarferie.

Leiar Ann Elise Dyrkorn ynskte alle dei 59 frammøtte velkomne, og då spesielt til dei inviterte æresmedlemane i laget, til demenskoordinator Siv Ingeborg Støvreide og musikarane Bernt Fylling og Halvor Sporsheim.

Vi sang vår tradisjonelle opningssang «Sangen til bygda» før vi tente lys og minnes avdøde Emil Staurset med ett minutt stillheit. Han har vore laget sin trufaste medlem gjennom 17 år.

Ann Elise gav ei kort orientering om turen med Havila Kystruter den 22. juni – her er mange påmelde og turen går som planlagt.  Når det gjeld turen til Savallen den 06.- 08. september med Geiranger Turbuss AS, vart påmeldingsliste sendt rundt på borda. Det viser seg at antall påmelde er så stor at turen vert bestilt. Det er fortsatt mulegheit for fleire til å melde seg på.  Ta då kontakt med Ann Elise Dyrkorn – tlf. 993 18 233 eller mail: ann.elise.dyrkorn@live.no

Etter litt sang og musikk var det ei orientering av Støvreide som presenterte seg sjølv og si rolle som demenskoordinator.  Demens er som kjent ein hjernesjukdom som fører til hukommelsessvikt, sviktande handlingsevne, personlegheitsendringar mm  Det er viktig å vere open om sjukdomen, og ein må gjerne ta kontakt med henne – ho vil vere tilgjengeleg både for den demente og for pårørande, kan tilby samtalar, kartlegge hjelpebehov, tilbud/tenester frå kommunen m.m. Dagsenteret – som ligg i underetasjen på Stordalstunet – er åpent på dagtid måndag og torsdagane. Det vart delt ut brosjyrer og mulegheit for spørsmål.  Som takk fekk Støvreide overrekt blomster.

Så var tida komen til å gjere litt stas på dei mangeårige og trufaste medlemane i Stordal og Liabygda pensjonistlag.  Heile 25 personar med eit medlemskap mellom 30 og 17 år , var spesielt inviterte. Gledeleg var det å sjå at mange av dei hadde høve til å kome i dag. Leiar Ann Elise retta ei stor takk til kvar og ein av dei for innsatsen dei på kvar sin måte har bidratt med gjennom alle desse åra: Elise Almås , Henrik Hagevik, Karn Hove, Ole Aasen, Arna Aasen, Sigrun Hove, Oddhild Vassli, Pernille Årset, Lidny Hove, Jon Haraldsvik, Kirsten Amdam Hove, Ottar Overå, Ottar Storheim, Karin Overå , Margit Isvik, Leif Overå , Anne Karin Lamo, Steinar Lamo, Inger Myrvang, Nelly Tøsse, Hildur Vinje, Grete Øvrebust, Karl øvrebust, Magda Staurset og Peder Holtleite .

Dei fekk så tildelt pensjonistforbundet sitt hedersmerke som pin og kvar sin rosebukett - kvar enkelt medlem fekk stor applaus frå salen. Musikarane viste sin gratulasjon ved å spele «Congratulations».  – Og bilde av denne flotte «buketten» var det sjølvsagt mange som ville ta.

Så var det tid for kaffipause. Kjøkkenkomiteen varta opp med kaffi, gode karbonade- /salatsmørbrød og bløtkaker. Praten gjekk livlig rundt borda, eit tydeleg bevis på kor kjekt det er å få kome saman til ein prat og ha det litt sosialt saman.

Takk også til Fylling og Sporsheim som innimellom gav oss fin sang/musikk, ispedd med morsomme historier. Det å få synge gir trivsel og betre humør hos alle som er glad i musikk. Og jammen var det nokre par som svinga seg på dansegolvet også – kjekt !!

Til slutt orienterte leiar litt om haustens program, bl.a. «Fjordafesten» som i år er Stordal og Liabygda pensjonistlag sitt ansvar å arrangere. Ho takka for frammøtet, ynskte alle ein god sommar og bad oss ta godt vare på kvarandre.

Neste medlemsmøtet vert altså i september.