Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Stordal og Liabygda pensjonistlag

Referat frå årsmøte og medlemsmøte 08. februar 2023


Varamedlem/medlem i styret - Johan Møllerhaug -  fekk overrakt blomster og takk for mangeårig  god innsats for laget

Varamedlem/medlem i styret - Johan Møllerhaug - fekk overrakt blomster og takk for mangeårig god innsats for laget

Etter innkalling vart det halde ÅRSMØTE med etterfylgjande MEDLEMSMØTE på Grendasalen, onsdag den 08. februar 2023, kl. 14:00

I alt 44 medlemar var møtt fram.

Etter at leiar Ann Elise Dyrkorn opna møtet med å ønskje alle hjarteleg velkomne, sang vi vår tradisjonelle opningssang «Sangen til bygda» - fint akkompagnert av Lars og Jostein Frostad på trekkspel og gitar.

Eigen årsmøteprotokoll er skriven i samsvar med vedtektene § 4a   

I dette felles referatet blir det derfor referert kun vedtaka som er gjort i kvar enkelt sak .

Sak 1 – Godkjenning av innkalling : Innkallinga godkjent.

Sak 2 – Godkjenning av sakliste: Saklista for årsmøtet 2023 vart godkjent.

Sak 3 – Val av ordstyrar og referent:  -     Ann Elise Dyrkorn vart valgt som ordstyrar

-         Norunn Viset Busengdal vart valgt som referent

Sak 4 – Val av 2 personar til å skrive under årsmøteprotokollen:

Ole Magnar Øvrebust og Einar Waldal vart valgt til å skrive under møteprotokollen.

Sak 5 – Årsmelding 2022: Årsmelding 2022 for Stordal og Liabygda pensjonistlag vart vedteke.

Sak 6 – Rekneskap 2022: Rekneskapen for 2022 for Stordal og Liabygda pensjonistlag vart vedteke.

 Sak 7 – Val av nye medlemar/varamedlemar til styret:

Etter valet vil styret vere samansett slik neste valperiode:

Medlemar:

Ann Elise Dyrkorn (attval), Kristen Leganger (ny), Knut Hjelme(ny), Ottar Røren (ikkje på val) og Norunn Viset Busengdal (ikkje på val)

Varamedlemar: Else Vinje (attval) og Arna Øvrebust(ny)

Leiar: Ann Elise Dyrkorn (attval)

Sak 8 – Val av revisor og vararevisor: Revisor: Johan Vinje , vararevisor: Kjell Talberg

Sak 9 – Val av Turnemnd. Sindre Helland, Alfred Johansen og Bjørg Hjelmseth

Sak 10 -Val av valnemnd. Olav Bratland, Ingebjørg Holtleite og Solveig Kvamme

Sak nr. 11 – Val av hovudkomite for arrangering av Fjordafesten 2023

Anne Marit Johansen, Ellen Bruteig, Ole Jakob Rødset, Ole Magnar Øvrebust, Tora Moe

Sak 12 – Val av utsending til Fylkesårsmøtet: Ann Elise Dyrkorn

Samtlege val vart vedteke med applaus.

Som avslutning på årsmøtet, fekk avtroppande medlemar overrakt blomster som takk for god innsats for laget gjennom mange år    :

-         Johan Møllerhaug – varamedlem og seinare medlem av styret (2013 – 2023)

-         Einar Waldal – medlem av Turnemnda (2012-2023)

-         Jon Haraldsvik – medlem av Turnemnda (2014-2023)

-         Tora Åmodt Moe – medlem av Turnemnda (2017-2023)

Årsmøtet vart avslutta kl. 15:00 og MEDLEMSMØTET deretter vart sett :

Ord for dagen vart framført av Johan Møllerhaug.  Han gav ei fin innleiing før han las 2 vakre dikt av Dagny Tande Lid : «Blåveisskogen» og «Et hjørne av mitt hjerte»

Kommunalsjef helse- og omsorg Jan Ove Gravdal vart ønskja velkomen. Han orienterte om sitasjonen innan helse- og omsorgstenesta i Fjord kommune. Stordal har vore utan fastlege sidan hausten 2022, men frå 1. mars er fastlege tilsett i Stordal – Tove Standal.  Fjord kommune er i den heldige situasjonen at ein har 4 fastlegar (80% stillingar),  og alle bor i kommunen.   Legekontoret i Stordal vil vere ope 4 dagar i veka, med rullering av legane. (Desse 4 dagane vil altså heile tida vere 1 lege og 1 turnus til stades).  Når det gjeld legevaktordninga, kunne han opplyse at det f.t. vert forhandla om å få istand legevaktordninga på Sjøholt slik som tidlegare. Pr. i dag ser det ut som det skal gå i orden. Elles orienterte han om situasjonen ved sjukeheimane, heimetenesta og om planar med oppføring av eldrebustader i kommunen, og då fortrinnsvis i Stordal.  Ein får tru på eit positivt politisk vedtak i den saka.   Frå 01.01.23 vart kommunepsykolog tilsett i 100% stilling – Kristian Dirdal.  Han har kontor i kommunehuset i Stordal.  Også ny demenskoordinator er nyleg tilsett – Siv Ingeborg Stovreide som skal vidareutvikle eit godt tilbud for personar med demens og deira pårørande .   Han nemnte også at kommunen i samråd med f.eks. pensjonistlaga ønskjer å få oppretta treningsgruppe «Sterk og stødig»  - ei treningsgruppe som er tilpassa  seniorar .  Dette er også noko som styret i pensjonistlaget vårt har drøfta og vedteke bør gjennomførast.  Ein veiledar – fysioteraput – skal lære opp og veilede frivilllige instruktørar. 

Leiar Ann Elise overrakte blomster og takka Gravdal for god orientering om helse- og heimtenesta i kommunen.

Så var det tid for kaffi og mat. Kjøkkengjengen serverte gode karbonadesmørbrød, smørbrød med ost/skinke og bløtkaker  Alt smakte godt. Frostad`s spelte fleire melodiar, medan det faste innslaget med åresal gjekk fort unna og gevinstane vart utdelt til fornøgde vinnarar. 

Mot slutten av møtet spelte musikarane opp til fleire allsanger, og leiar Ann Elise Dyrkorn takka til slutt for frammøtet og ønskja alle vel heim .

Møtet slutt kl. 18.00.                                                                                                   

NVB

sekretær