Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Stordal og Liabygda Pensjonistforening på dagstur

På ein fin haustdag gjekk turen til Stadlandet - Vestkapp

Restauranten "Fru Inga"

Restauranten "Fru Inga"

Litt av den fantastiske utsikta frå Vestkapp fjellplatå

Litt av den fantastiske utsikta frå Vestkapp fjellplatå

Ervik kyrkjegard med sine særprega støypejernkrossar

Ervik kyrkjegard med sine særprega støypejernkrossar

Ein av dei fine englestatuene på kyrkjegarden

Ein av dei fine englestatuene på kyrkjegarden

St.Svithun-forliset

St.Svithun-forliset

Stordal og Liabygda Pensjonistforening arrangerte dagstur torsdag den 29. september til Stadlandet – Vestkapp.  Lokalforeningane i Fjord kommune vart invitert til å bli med og kjekt var det at fleire frå Norddal/Eidsdal, Fjørå og Valldal meldte seg på turen.  I alt var 48 pensjonistar påmeldt.

Turen gjekk via Stranda, Hellesylt, Hornindal, Nordfjordeid, Åheim, Leikanger, Ervik, Vestkapp, Selje, Nordfjordeid, Stranda og heim.

På Hellesylt kom guid Rasmus Taraldset på bussen. Han fortalde  om stadane vi etterkvart passerte på turen mot Leikanger, som var første stopp. Nede ved sjøkanten låg restaurant/bakeri  «Fru Inga» idyllisk til. Her var det bestilt lunsj til oss. Vi vart ønskja hjarteleg velkomne av eit hyggeleg vertskap. Før lunsjen vart servert,  fekk vi fortalt historia om huset. Før dei kjøpte og pussa det opp (ferdigrestaurert i 2018), var dette  «jordmor-butikken» på Stadlandet som tidlegare jordmor Inga Leikanger dreiv etter at mannen hennar døde i 1978. På den tida var dette daglegvarebutikk,  der ein fekk kjøpt det aller meste. Seinare vart det meir fokus på sal av broderi, garn og tekstilar. I restauranten har dei noverande eigarane teke godt vare på mange av tinga som tilhøyrte den tidlegare eigaren,  bl.a. jordmorveska, gamal vekt med lodd, boksar og fat mm. Ingen tvil om at butikken har behalde historia si, og at den er til minne for Inga Leikanger. Ein koseleg restaurant med god atmosfære.

Maten vi fekk servert smakte kjempegodt – skikkeleg god husmannskost : Brennsnut med mykje kjøt, potet og grønsaker med nysteikt loff til. Deretter var det kaffi og saftig god gulrotkake – alt smakte fantastisk.   Fleire kommentarar høyrdes:  «Vi treng ikkje meir mat i dag…..» - orda tyder for seg….

Så gjekk turen vidare til Ervik. Her vart vi mottekne av guiden Geir Ove Ervik, som fortalde fengande om St.Svithun-forliset, samstundes som vi vart guida rundt både på kyrkjegarden og inne i Ervik kapell,  seinare kalla Ervik kirke (1997).

Kyrkjegarden har vore gravstad i Ervik sidan 1550 – ein unik og velstelt kyrkjegard  ut i havgapet.  Det som særprega kyrkjegarden er at den har ei stor samling støypejernkross og mange fine englestatuer. I 1906 vart kyrkjegarden inngjerda, og fekk då port laga av kvalbein

Ervik kirke vart bygd til minne om både bergingsinnsatsen og dei som omkom under St.Svithun-forliset .. Hurtigruteskipet vart bomba under 2. verdenskrig av allierte fly den 30. september 1943. Det var engelske jagarfly som skaut skipet i senk, fordi dei trudde det var tyske soldatar om bord. Men dei tyske soldatane hadde gått i land i Ålesund, og tok ein annan båt sørover. Dette båtbytet visse dei allierte ikkje om.  78 blei berga av lokalbefolkninga,  bl.a. ei lita jente på 6 veker,  medan 50 mista livet.  Bygdefolket gjorde ein formidabel innsats for å berge folket frå skipet. Det var uver og skipet stod i brann.   Inne i kyrkja er det fleire minner frå skipet, bl. a. heng minneplate med namna på dei 50 som omkom, modell av St. Svithun er innfelt i veggen mellom 2 salar, slik at den kan sjåast frå begge sider.   Skipsklokka frå St. Svithun heng i kyrkjetårnet saman med ei klokka frå 1844, og skipet sitt anker står utanfor kyrkja.  

Neste post på programmet var Vestkapp – Norges vestlegaste fjellplatå, 500 meter over havet. Veret vi hadde denne dagen, var heilt fantastisk ,  mildt, solgløtt og vindstille. og vi fekk panoramautsikt i  alle himmelretningar -  til  Stadhavet ,  Vestlandet og til  Sunnmørsalpane . Her rusla vi rundt, nytte utsikten og fotoapparata vart flittig brukt.

Turen gjekk så tilbake til  Leikanger, over Sandvikeidet til Selje. Flatraket,  Bryggja og Nordfjoreid   Her var det middag -  sosakjøt m/tilbehør, kaffi og eplekake m/is. Maten smakte retteleg godt, så nok ein gong var det ein gjeng mette og fornøgde pensjonistar som gjekk innatt i bussen for den siste etappen heim.

Stor takk til Geiranger Turbuss as v/sjåfør Tobben som losa oss trygt og svært behageleg gjennom heile turen. – Ein tur som har gjeve oss mange fine opplevelsar. Vi har opplevd dei store kontrastane – frå stille og blanke fjordar og vatn, fine haustfargar, høge fjell -  bl.a. ved Europas djupaste innsjø Hornindalsvatnet – kvite sandstrender og det «ville» Stadhavet ytterst ved Vestkapp.

Ein minnerik dag både med unike opplevelsar og sosialt samvær. Tusen takk. 

NVB

Sekr.