Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Stordal og Liabygda Pensjonistforening

Medlemsmøte 01. juni

Knut Sivert Vikenes underheldt med fin sang

Knut Sivert Vikenes underheldt med fin sang

Jostein Kvithaug las fleire dikt frå diktsamlinga si.

Jostein Kvithaug las fleire dikt frå diktsamlinga si.

Onsdag 01.juni , kl 14:00, kunne leiar Ann Elise Dyrkorn i Stordal og Liabygda Pensjonistforening ønskje vel møtt til dei 64 medlemane som var møtt fram – gledeleg å sjå at så mange fann veien hit denne dagen. Ho ønska spesielt velkomen til Knut Sivert Vikenes og Jostein Kvithaug.

Før programmet starta,  sang  vi vår tradisjonelle velkomstsang – Sangen til bygda – godt fylgt av Knut Sivert som forsanger med gitar.

Ord for dagen vart halde av Inger Lianes Hove som las 2 dikt, «Gråver» av Jakob Sande og «Junikveld» av Hans Børli.  Johas Falck las deretter diktet «Høyrer du våren» av Martin Hjelme frå Valldal.

Knut Sivert underheldt med flott sang og gitarspill, samt nokre små fine og morsomme historier innimellom. Vi i salen sang med eller berre sat stille og lytta til dei fine sangane hans -  Bl.a. sang han «Wonderful to night», «Vi vandrer saman» og «Har du fyr» m.fl.

Jostein Kvithaug las mange fine dikt frå samlinga si, bl.a. «Det siste valget», «Helsevisa», «Laurdagsdansen», «Kvinnelisten»,  «Heimturen» m.fl..  Elles fortalte han mange gode historier – bl.a. frå ungdomstida si. Det var mange som kjente igjen slike hendingar/opplevelsar og vi fekk oss mang ein god latter.  Han avslutta med diktet «Siste lasset» - og fortalde også historia korleis dette diktet vart til.

Måltid med god kaffi, smørbrød og kringle vart servert denne gongen også. Og ikkje eit einaste møte i pensjonistforeninga utan åresal.  Åresalet skaper hygge og spenning, men viktigaste av alt er praten rundt borda både ved måltidet og elles.

Ann Elise informerte om dagsturen til Nordøyvegen som blir den 10.juni,  Bussen startar frå Valldal kl. 09.00. Vidare informerte ho om fleirdagersturen til Sogndal i august. Skal bu på Sogndal hotell , derifrå blir det fleire utflukter og opplevelser . Påmeldingsfrist 01. august. 

Frå Skodje Pensjonistlag har bl.a. Stordal og Liabygda Pensjonistforening fått invitasjon til Midtsommerfest i Nerskøyeløa på Skodje den 28.juni.   Her blir det norske og svenske songar av Stephanie Lippert, trekkspeltonar av Odd A Halaas, dans mm.   Dei medlemane som er interessert kan melde seg direkte til Skodje Pensjonistlag v/Paul Birger Tysnes.

Eit trivelig møte vart avslutta ca kl. 17:30 ved sang av Knut Sivert – «Vårsøg»

Ann Elise takka for frammøtet og ønskte alle ein fin og god sommar og vel møtt til neste medlemsmøtet i august. 

Norunn Vise Busengdal - referent