Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Sommartur for Vestnes Pensjonistlag

Om ikkje været var det aller beste, vart sommarturen til Vestnes Pensjonistlag onsdag 15. juni, likevel svært bra. Vi slår fast at Turistbussen med sin hyggelege og dyktige sjåfør Frode Haugen, samt blide og godt førebudde reiseleiar Nils-Berge Sundfør, betydde mykje for den vellykka turen.

Rosekyrkja i Stordal. Vakker utvendig - særmerkt innvendig.

Rosekyrkja i Stordal. Vakker utvendig - særmerkt innvendig.

Etter ein tur innom Åndalsnes sentrum, var første stopp Trollveggen besøkssenter for eit første måltid. Deretter kom så den fascinerande turen opp Trollstigen. 11 hårnålssvingar langs bratte fjellsider, kan nok merkast på pulsen til somme, men det gjekk bra. Utsikten frå platået er heilt fantastisk.

Fantastisk er òg Gudbrandsjuvet på sin måte med elv og fossar som har forma jettegryter og ganske så spesielle formasjonar. Juvet er oppkalla etter mannen Gudbrand som røva ei brur, og som så hoppa over juvet for å redde seg sjølv. Om brura vart med han, seier ikkje segna noko om, men mannen vart dømd fredlaus. Dette skulle ha skjedd på 1500-talet.

Hovudattraksjonen på turen var vel Rosekyrkja i Stordal. Her fekk vi god gaiding av Kristian Almås, men innhaldet av det han fortalde, fell så godt saman med det Fortidsminneforeningen  skriv på ei «nettside» at vi siterer frå den: Frå utsida ser ikkje Stordal gamle kyrkje så spesiell ut, bortsett frå at ho er ei fin, gamal og velhalden, åttekanta trekyrkje. Det er fyst når ein kjem inn, at ein ser kor særmerkt ho er. Veggene, søylene, taket, galleriet og preikestolen er heilt overdekte med akantusrankar og drueklasar, sirklar og roser i solgult og himmelblått. Dekorasjonane vart utførte i 1799 og den vanlege nemninga er "Rosekyrkja".

Rosekyrkja stod ferdig i 1789. Den gamle stavkyrkja, som kanskje kan ha stått der sidan 1300-talet, var gammal og til nedfalls. Presten Ebbe Carsten Tønder teikna den nye kyrkja. Truleg vart kyrkja bygd av bøndene på dugnad og tømmeret henta frå den lokale skogen. Etter gammal skikk vart brukbart materiale brukt om att og delar frå den gamle stavkyrkja er nytta i Rosekyrkja. Etter tradisjonen skal mellom anna himlingen i våpenhuset vere den same som himlingen over koret i stavkyrkja. Dei fire beresøylene i kyrkjeskipet kan også vere frå den gamle stavkyrkja.

Sjølvsagt er det mykje å seie om dekoren, og Almås fortalde både om dei dårlege og dei kloke jomfruene, kvar apostlane var, og like eins kvar ein kunne sjå evangelistane. Kyrkja er så rikt dekorert at ein kan ikkje komme inn på alt. Almås hadde òg ein anekdote om eit par som budde frampå Fokhaugane og som kom til kyrkja for å døype eit barn. Her må ein ta med at dette skulle ha skjedd for svært lenge sidan. Kona som bar ungen, var ikkje vant til å ferdast mellom folk, og i alle fall ikkje korleis ein snakkar og oppfører seg i kyrkja. Ho brukte dialektord på det meste, og presten vart omtala som «du mann oppi stampa der». Om ikkje dette var sant, var historia ganske fornøyeleg.

Etter alle visuelle og kulturelle inntrykk, gjekk vi over til å nyte, for på Nilsgardstunet vart vi møtt med middagsbufe. Maten smakte retteleg godt, så det var ein gjeng mette og fornøgde pensjonistar som gjekk inn att i bussen for den siste etappen heim att.

Måltid ved Trollveggen besøkssenter.

Måltid ved Trollveggen besøkssenter.

Gudbrandsjuvet.

Gudbrandsjuvet.

Altertavla.

Altertavla.

 «Ubetenksom ikke ver, og som de Dårlige jomfruer. De som brudgommen fra seg drømte og sin Salighet forsømte.»

«Ubetenksom ikke ver, og som de Dårlige jomfruer. De som brudgommen fra seg drømte og sin Salighet forsømte.»

Gammalt krusifiks.

Gammalt krusifiks.

Evangelistar.

Evangelistar.

Reiseleiar i hatt og sjåfør ved inngangsdøra.

Reiseleiar i hatt og sjåfør ved inngangsdøra.