Runa Klock viser produkter frå Bokhari på pensjonistmøtet i Ørskog kulturhus
Publisert 17. sep. 2023, kl. 14:45
Sist redigert 18. sep. 2023, kl. 08:21
Omtale frå møte i Ørskog pensjonistforening 14. september
Torsdag 14.09. var første seniorsamling i Ørskog pensjonistforening etter sommarferien.
Grethe Leikny Gjerde losa oss gjennom programmet. Hildebjørg Valbø opna med ord av Halldis Moren Vesaas. 90-års jubilanten Oddveig Abelseth mottok ei helsing frå pensjonistforeninga i form av ein orkide. Vi gratulerer! Ola Rotnes spelte og leia allsongen.
Runa Klock var invitert til å fortelle om det eventyrlege skule- og produksjonsprosjektet ho er med på å drifte, Bokhari i Pakistan. Det heile starta med utradisjonell romantikk da unge Yawar Bokhari frå Pakistan og forelska seg i norske Brit. Dei fekk omsider lov å gifta seg og busette seg i Lillehammer. No skulle Yawar gjere lukke i eit framand land der hans utdanning ikkje var mykje verd. Inspirert av den tradisjonelle norske fillerya, bestemte han seg for å etablere eit veveri i Sultan Town, ein landsby med 10.000 innbyggarar i utkanten av tekstilmetropolen Faisalabad i Pakistan. Råvarene som var brukt til veveriet var restefiller frå den lokale tekstilindustrien som elles ville blitt kasta eller brent. Etterkvart fekk hundrevis av handverkarar fast løna arbeid i veveriet. Spesielt kvinnene, i landsbyen levde under særs vanskelege kår. Etter kvart som bedrifta blei meir levedyktig blei det bestemt å byggje skule for dei tilsette sine born, og i 1996 ble grunnsteinen lagt for eit skulebygg vegg-i-vegg med veveriet. I 2012 døyde Yawar Bokhari uventa og heile prosjektet stoppa opp, ca 400 born mista no skuletilbodet og foreldra mista arbeid og løn. Det var ingen til å ta over.
Så korleis gjekk det så med det gode prosjektet og korleis kom Runa inn i biletet? I 2014 tok sonen, sosialentreprenør Amar Bokhari kontakt med designar Runa Klock frå Ørskog og nauda henne til å engasjere seg i å gjenreise veveriet og utvikle en ny portefølje av berekraftige produkt. Dette kunne ho ikkje svare nei til.
Saman har dei har lagt ned eit gigantisk arbeid i å utvikle produksjonen, utarbeide og designe nye og ettertrakta produkt og finne stadig nye distribusjonskanalar. Solcellepanel er montert på taket for å gje stabil straumtilførsel. Reinseanlegg av grunnvatnet er på plass, noko som gjev landsbyen høve til å hente reint drikkevatn frå kranar på utsida rundt skulehuset. 450 kvinner har no fast løna arbeid i verksemda, halvparten kvinner. Skulen er ein viktig del av det heile. Den blir stadig utvida og gjev no gratis skulegang til nær 1000 born, dei fleste jenter. (I Pakistan kan ikkje gutar og jenter gå på same skule etter 5.klasse.) Skuleområdet ser triveleg ut med grøntanlegg med leikeapparat og blomar.
Bokhari består no av eit bibliotek, førskule, barneskule og ungdomsskule, helsestasjon, reinseanlegg for vatn, farging, trykkeri, systue, veveri, strikke/ flette lokale, administrasjon/showroom og kantine. Runa er kreativ leiar og jobbar med å finne samarbeidspartnerar, produktutvikling og design. Kommunikasjonen går for det meste på nett. Flinke tilsette må læra seg stadig nye mønstre, flettemetoder, saum, fargetrykk mm. via video. Saman med t.d. Kid Interiør, utviklar dei ein spanande portefølje av handlaga produkt, i tillegg til eigen merkevare og ein eigen merchandise-kolleksjon. Fokuset på berekraft i alle dimensjonar har stått sentralt i utviklinga av verksemda, og er ein integrert del av forretningsmodellen.
Etter dette mektige innlegget var det tid for dei lekraste snitter, sveler og kaffi før vi fekk informasjon om komande arrangement, Eldredagen søndag 1. oktober, tur til Stranda med omvising på Industrimuseet og ikkje minst busstur til Smøla og Veiholmen i september neste år. (Sjå Facebook-sida vår for meir informasjon.)
Brit Skjelten
Hildebjørg Valbø les "Å vera i livet" av Halldis Moren Vesaas
Grethe Leikny Gjerde overrekk blomster til 90-års jubilanten Oddveig Abelseth Vi gratulerer!
Vi hygger oss med god kveldsmat