Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Referat frå medlemsmøte

29. mars 2023

Nabolaget

Nabolaget

På ein solfylt og fin dag – 29. mars 2023 – møtte ca 60 pensjonistar opp på medlemsmøtet som vart halde på Grendasalen, frå kl. 14:00 og utover nokre timar. 

Leiar Ann Elise Dyrkorn ønskte alle hjarteleg velkomne, spesielt velkomne var spelemennene «Nabolaget» og Jens Petter Jelle, meir kjent med kallenamnet Jeppe. Sistnemnde er «fadder» til lokallaget vårt, samt leiar av Stranda Pensjonistlag.  

«Nabolaget» v/Oddvin Westerås takka for at dei fekk kome og presenterte så medlemane av bandet.

Som vanleg opna vi med sangen «Sangen til bygda» - flott akkompagnert av «Nabolaget».

Ord for dagen vart halde ved Jonas Falch. Han las 2 fine vårdikt av Martin Hjelme: «Det er vår nu» og «Høyrer du våren?»

Før ein gjekk vidare på programmet, sang vi også vår tradisjonelle sang «Sangen til Liabygda»

Jeppe fekk så ordet.  Han tok fram nytt frå Pensjonistforbundet og kva dei viktigaste sakene forbundet f.t. jobber med, bl.a.nemnte han:

- Utsending av kontigentkrav/medlemsbevis 2023 har det vore mykje usikkerheit kring. Dette pga at krav/medlemsbevis har blitt sendt ut digitalt, og som mange «slit» med å få opp.  Han opplyste at dette er ei sak som skal handsamast på landsmøtet i mai 2023, og truleg vil det der bli gjort vedtak om endring av utsendinga.

- Årskontigenten for medlemskap i Pensjonistforbundet må ikkje aukast, men haldast på same nivå som no dei neste åra framover.

- Forhandlingsretten om pensjon er ei anna stor sak forbundet også jobber med.  

Den nyvalde Turnemnda har allerede hatt møte og la fram forslag til turar:

- 12. juni - Tur med «Havila Kystruten» frå Ålesund – Geiranger – Ålesund. (Buss til og frå Ålesund)   

- August: 2-dagers tur til Loen med overnatting på Loenfjord Hotell 

- August/september: 4-dagers tur til Savallen. 

Når det gjeld turen med Havila Kystruten, vart det sendt rundt liste der interesserte kunne melde seg på. Påmeldingsfrist blir fastsett seinare.  Elles kjem ein tilbake med fleire opplysningar om turane på medlemsmøtet 03. mai. 

Før mat og kaffi vart servert, underheldt «Nabolaget» med mykje fin sang og musikk til stor glede og applaus frå salen. Det var slagerar frå 50-60 talet, og som sjølvsagt mange av oss kjente igjen frå Ønskekonserten.  

Under matpausen var det åresal og utdeling av gevinstar til vinnarane.  

Mot slutten av møtet orienterte leiar om fylgjande:

- Seniortrimmen starter i Stordal 11. april. Det er mange som har meldt seg på, og derfor blir den oppdelt i 2 grupper. Flott tiltak. 

- Seniordansen, som til vanleg er i Valldal, kjem til Stordal 30. mars der interesserte er invitert til å møte opp, ta ein prat og også få mulegheit til å få teste «dansefoten». Seniordansen er både sosial og fin trim.

- Neste medlemsmøte vert 03. mai. 

Avslutningsvis stilte leiar spørsmål om det er ønskjeleg at «Nabolaget» skal kome tilbake på seinare medlemsmøter – og svaret fekk ein ved stor applaus frå salen.  

Møtet vart avslutta med sangen De nære ting, og leiar takka for frammøtet, ønskte alle Vel heim og ei God påske.

Nabolaget takka også for at dei fekk kome, og gav uttrykk for at dei svært gjerne kjem attende seinare. 

Møtet slutt kl. 17:00.

NVB