Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Pensjonisttur til Alnes og Ålesund

Vestnes Pensjonistlag arrangerte tur til Alnes og Ålesund onsdag 25. august 2021. Turen var gratis, sponsa av koronamidlar tildelt av statsforvaltaren, og heile 72 personar møtte opp ved Idrettsplassen på Helland. To bussar måtte til for å frakte så mykje folk.

Havet bryt ved Alnes

Havet bryt ved Alnes

I relativt regntungt vêr bar det av garde, og turen var lagt opp som ein rundtur, så truen vestover gjekk gjennom bygdene Tomrefjord, Fiksdal, Rekdal, Vestrefjord til Vatne. Derifrå gjekk turen over Ellingsøya, gjennom undersjøiske tunellar, og til slutt kom vi til Godøya. Alnes ligg på nordsida av øya, ei av dei fire øyane i tidlegare Giske kommune, og med Ålesund og fastlandet i aust og ope hav i vest. På Wikipedia kan ein lese:

«Det har vært fyr for båter og skip på Alnes siden 1853. I 1869 reiste alnesingene selv et eget fyrhus i form av et tømmerhus med tranlampe. I 1876 ble det bygd bolig til fyrmesteren og familien, samt uthus og naust. 1878 ble tømmerhuset solgt og fyrvesenet bygde nytt fyr. Dette ble bygd om i 1892. I 1905 ble fyret oppgradert med et fransk linseapparat av 4. orden. I 1928 ble det gass- og parafin-drevne fyret erstattet av en elektrisk fyrlykt. Dagens fyrtårn ble bygd i 1937. Det er et trekledd vinkeljerntårn og 22,5 meter høyt. Fyret ble automatisert og avfolket i 1982. Etter omfattende restaurering har anlegget siden 1993 også vært kultursenter med kafé, kunstutstillinger og en utstilling om fyrhistorien.»

På Alnes fyr og opplevingssenter åt vi brennsnut med focaccia-brød. Dei som kom sist, måtte nøye seg med flatbrød. Så var det «fyrkake» og kaffi til dessert.

Etter dette opphaldet gjekk turen til Ålesund. Her fekk vi om bord i bussen ein dyktig lokal guide som losa oss gjennom sentrumsgatene rundt «Ålesundet» med utgangspunkt like ved Molja. Ålesund har jo ei interessant historie, og den mest kjente hendinga i byhistoria, er heilt klart bybrannen i 1904. Vår gode guide fortalte levande om kvar brannen starta natt til laurdag 23. januar 1904 i eit forrykande uvêr med svært sterk vind, noko som gjorde at brannen spreidde seg svært raskt. Ca. 850 trehus brann ned til grunnen, og rundt 10 000 menneske miste alt dei åtte. Ei litt eldre kvinne miste livet. Etter 16 timar fekk bannmanskapet kontroll på brannen. Da hadde brannen spreidd seg frå Aspøya der det heile starta, og inn til det som i dag er Borgundvegen 37. Berre eitt hus sto att, og det vart sett på som eit mirakel.

Frå sentrum bar det innover og oppover i byen, heilt opp på byfjellet Aksla. Derifrå er det ei ganske så spektakulær utsikt mot alle øyane ute i havet og rundt til landskapet i sør og aust. I tillegg ser ein byen svært godt. Ålesund er ein fasinerande by med alle dei gamle steinhusa som kom opp dei tre første åra etter brannen.

Etter kaffi og svele på den eldste kafeen i landet, gjekk turen heim att etter den vanlege vegen til Ålesund. Den erfarne sjåføren Asbjørn, losa oss trygt og svært behageleg gjennom heile turen. Med klarvêr hadde vi sjølvsagt sett fleire detaljer i landskapet, men det vêret vi hadde, la ingen dempar på opplevingane under vegs. Så skal det òg seiast at det er hyggeleg å vere saman med kjenningar og slike vi ikkje ser så ofte. Ekstra triveleg var det at fleire frå Vågstranda var med. Elles var det òg nokre frå Tomrefjord med i følgjet, og det er bra.

Ålesund med Godøya og Alnes i bakgrunnen.

Ålesund med Godøya og Alnes i bakgrunnen.