Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Pensjonisttreff 23.03.22

Askvoll Fjordhotell

Våren i Askvoll

Våren i Askvoll

Vel 30 personar møtte fram til pensjonisttreffet. Solveig Sølvberg ynskte velkommen, og etter allsongen "Din ungdom" hadde Kjell Grane ord for dagen: eige dikt om krigen i Ukraina, som han kalla "Den siste soldat". Dagens foredrag var også ved Kjell: Slektsgransking fortel om levevilkår. Bakgrunnen for foredraget var eit årelangt arbeid, som hadde starta med oppgåve på gymnaset. Vi fekk høyre om bu- og levekår på ein liten gard i Guddal, samstundes som vi fekk med mykje historisk stoff om gardsutvikling på Vestlandet. Avslutninga av foredraget var nær familiehistorie, som gav eit innblikk i helsetilbod og samferdsel i Askvollområdet for 50 år sidan.

Etter foredraget fortalde Marie Olset ei fin historie om skate, som oppfylgjing av Bjarne Haugen sitt innslag på førjulstreffet.

Allsong før maten var "Din tanke er fri". Matøkta bestod av gode smørbrød, kaffi og ostekake.

Åresalet gjekk av stabelen med god hjelp av Ingvild Strømmen som handterte Samfunnshuset sitt trekkeapparat. Utruleg mange flotte gevinstar, som dei frammøte hadde med.

Etter åresalet hadde Solveig litt informasjon frå styret: Årsmøte i Pensjonistforbundet Sogn og Fjordane går av stabelen på Skei 4. og 5. april. Askvoll pensjonistlag stiller med utsending og observatør. Elles var det påminning om Møteplassen og Prosjekt aktive møteplassar som varer til 15. juni. Det er stort behov for frivillige som kan stille opp som kaffevert og/eller datahjelpar. Det gjeld både no og ved ein framtidig møteplass. Besøksvennkurs i regi av prosjektet og Askvoll Røde Kors blir arrangert i Førde på Scandic Sunnfjord hotell 23.04. kl 15 - 18. Påmeldingsskjema med nærmare informasjon er klare til utdeling, oppmoding om å melde seg!

Pensjonisttreffet blei avslutta med allsongen "De nære ting".