Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Pensjonisttreff 19.10.22

Askvoll sjøbuer

Haust

Haust

45 personar møtte til treffet. Kari Fismen ynskte alle velkomne, og treffet blei opna med allsong "Ja, nå er det oktober". Dagmund Vindheim hadde 2 musikkinnslag på munnspel og dedikerte den eine melodien til dei som opplever krig i Ukraina. Ord for dagen ved Kari "Omega Seamaster" (frå Brestar og Blikk) av Leiv Arne Grimstad var ein fin overgang til foredrag ved Anne-Cathrine Neslein, som representerte Pensjonistforbundet Sogn og Fjordane. Tema for foredraget var velferdsteknologi, eit område som omfattar alt frå enkle hjelpemiddel i kvardagen til avanserte løysingar på ulike problem. Med mange døme fekk vi forståing av eit emne som er aktuelt for oss på mange måtar og vil vere viktig i framtidas helsetenester. Til stades var også representantar frå Askvoll kommune: ergoterapeut Alice Eimhjellen, som har ansvar for hjelpemiddelformidling og Stine Herland Sund, som har eit ansvar innan velferdsteknologi. Begge orienterte om sine arbeidsoppgåver. Som takk for sin innsats fekk Anne-Cathrine Neslein ei gåve med "godis" frå Delikatessen.

Song før kaffiøkta var "Skal gamalt venskap kverva bort". Etter kaffi og gode snittar hadde Solveig Sølvberg ein kort informasjon frå styret. Haustkonferansen gjekk av stabelen 11. og 12. oktober i Sogndal, 3 representantar frå styret deltok på denne.

"Ja de penga" var allsong før åresalet. Styret hadde ansvaret for gevinstar denne gongen. Fleire av bedriftene i Askvoll hadde gitt gåver. Trekking via app.

Avslutning med allsong "La oss leve for hverandre".