Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Pensjonistmøte 26. april med framtidsfullmakt, testamente og arv som tema

Advokatane Stine Bjorøy og Erik Slotterøy frå advokatfirmaet Blikra, Slotterøy og Fonn orienterte

Stine Bjorøy og Erik Slotterøy heldt foredrag om framtidsfullmakt, testamente og arv på pensjonistmøte i Viking 26. april

Stine Bjorøy og Erik Slotterøy heldt foredrag om framtidsfullmakt, testamente og arv på pensjonistmøte i Viking 26. april

Det var rekordstort frammøte med om lag 100 medlemer på til stades. Advokatane Stine Bjorøy og Erik Slotterøy fortalde om etablering av framtidsfullmakt og kva som bør passast på når ein opprettar slik fullmakt. Alle kan opprette framtidsfullmakt. Ein bestemmer sjølv kven som skal ivareta interessene dersom noko skulle skje slik at ein ikkje er i stand til det sjølv.

Framtidsfullmakta skal vere skriftleg, ha fullmaktsgjevaren sin signatur og vere stadfesta av to vitne. Dei vanlegaste temaene for framtidsfullmakt er forskot på arv, overføring av fast eigedom og overføring av aksjar. Det må gå tydeleg fram av fullmakta kva som skal overførast. Ved forskot på arv må det framgå om alle arvingar skal fordelast med likt beløp.

Overføring av fast eigedom kan omfatte både sal, pantsetting og utleige.Det er viktig å vere tydeleg på tidspunkt for overdraging, hus til dømes ved flytting til institusjon/sjukeheim. Hytte ved tidspunkt for når fullmakta skal gjelde.

Ved overføring av aksjar er det mest vanleg å selge og overføre beløpet som forskopt på arv. Dette medfører reduksjon av fullmaktsgjevar si kapitalinntekt og reduserer kostnad ved opphald på sjukeheim.

Framtidsfullmakt er eit stort og omfattande tema, så det vart gitt høve til å stille advokatane spørsmål, både i plenum og individuelt. Men det vart no tid til kaffi og rundstykke og ein hyggeleg prat til slutt.