Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Pensjonistforbundet Møre og Romsdal - Årsmøte

Eit vellykka årsmøte i Pensjonistforbundet Møre og Romsdal er vel overstått. Møtet vart avvikla 8. og 9. mars 2022 på Scandic Parken Hotel i Ålesund. Vestnes Pensjonistlag stilte med fire utsendingar, to delegatar med stemmerett og to observatørar.

Vestnesingar.

Vestnesingar.

Særleg fagdagen som i år fall på «Kvinnedagen», var svært interessant. Her var foredrag av Nina Myklebust – Senter for et aldersvennlig Norge, og Bente Lund Jacobsen – Nasjonalt eldreombud. Desse to samarbeider tett, og var sterkt engasjerte personar. Eldre kan føle seg ivaretekne med slike talspersonar.

Å få høyre på forbundsleiar Jan Davidsen er alltid interessant. Han er organisasjonsmann til fulle, og slike trengst den dag i dag. Eldre blir ikkje tildelt «almisser» av det offentlege Norge, så det er godt å ha ein sterk organisasjon som tek vare på dei eldre.

Så fekk vi bli litt kjent med den nye generalsekretæren i Pensjonistforbundet. Han ættar frå vårt fylke, er oppvaksen i Bud og heiter Anders Halaas. Vi er godt vandt med ein dyktig og tydeleg generalsekretær, men vi føler oss trygge også på den nye. Vi skal fortsatt være den førende organisasjonen for landets pensjonister og uføre, seier han.

Denne dagen var det òg kulturelt innslag ved Anita Valderhaug og Bjørnar Myhr. Jau, vi fekk mykje triveleg att på Kvinnedagen. Under middagen om kvelden fekk vi vere med å hylle Melvin Steinsvoll som avslutta si tid som leiar for eit av dei best drivne lag under paraplyen til Pensjonistforbundet. Han fortener all den ære han fekk.

Den 9. mars vart sjølve årsmøtet avvikla. Det kytte seg inga stor spenning til saklista der. Resultatet av val og anna kan alle finne andre stader. Vestnesingane reiste i alle fall heim att heilt trygge på at Pensjonistforbundet Møre og Romsdal vil bli godt leia vidare framover.

Årsmøteadministrasjonen.

Årsmøteadministrasjonen.