Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Pensjonistar på Giske-spelet

«I Giske har vi mange frivillege lag og organisasjonar som stiller opp for fellesskapet. I dag har to av dei, Vigra Pensjonistlag og Valderøy Pensjonistlag, gått saman med Giske Frivillegsentral og kjøpt ei heil førestilling av Giskespelet til pensjonistane våre. Vi er takknemleg for eit viktig initiativ for oss, og det trur vi alle dei blide pensjonistane som akkurat no kosar seg i amfiet for ein heilt spesiell historietime også er.» Dette skriv ein som sa ja takk til tilbodet til pensjonistane laurdag 19. juni, om gratis billettar til Giskespelet 2021. Pensjonistlaga i kommunen nytta seg av midlar vi har fått tildelt frå Statsforvaltaren gjennom Pensjonistforbundet i Møre og Romsdal , saman med Giske Frivillegsentral, til kjøp av ei ekstra førestilling sist laurdag. Dette var tenkt som ei oppmuntring til pensjonistar i Giske, etter eit langt år der vi ikkje har hatt høve til å møtast. Vi i pensjonistlaga nytter høvet til å takke arrangørane av Giskespelet og alle som møtte for å få med seg dette.

Fra Giskespelet 2021

Fra Giskespelet 2021