Kjærleik til naturen illustrert med bilder frå vår vakre natur
Publisert 4. nov. 2023, kl. 15:20
Sist redigert 4. nov. 2023, kl. 15:26
Triveleg å vere i lag!
Etter velvalte velkomstord frå Grethe Leikny, las Hildebjørg Valbø diktet "Ho mor", om bautaen i heimen som alltid var der for andre og alltid visste kva som skulle gjerast.
Bjørnar Midtbust frå Stordal, lærar og rektor, men også kjent som gledesspreiar og kulturformidlar, var invitert til seniormøtet. Vi fekk oppleve ei real vitamininnsprøyting av ein billedkavalkade over naturopplevingar og turar i lokalmiljøet. Han var fascinert av det stadig skiftande ljoset som endrar fargen på himmelen og omgjevnadene illustrert med bilder så det var ein fryd å sjå.
Vakre blomar i heile fargeskalaen delikat framvist med nydeleg musikk frå Intermezzo/ Cavalleria Rusticana var eit høgdepunkt. Vi fekk og sjå våre ville dyr på nært, skog, fjell, utsikt til å miste pusten av, himmel og hav i alle årstider.
Digresjonar førte til framføring av songar (sjølvskrevne), ode til Mosetra illustrert med stemingsfulle bilder, stev om potetballens velsigningar og baksider framført med fynd og klem, og ikkje minst hans eigen utgåve av “Har du fyr” alt med humor og glimt i auge.
Etter denne oppvisningen av kjærleik til sine næraste og kjærleik til naturen som vi seint vil gløyme var det mat å få, kaffi, lekre smørbrød og bløte kaker. Praten gjekk lysteleg og smektande allsonger leia og akkompagnert av Ola Rotnes på flygel krydra kvelden inntil det var tid å venda heim.
Brit Skjelten
Ekorn på nært
Breathtaking
Verden for sine føter
Fjorden ein stille dag
Nok ein siger
Vinterlandskap
Kveldsstemning