Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Omtale frå feiring av Eldredagen

Søndag 1. oktober på Ørskog kulturhus

Vi samlar oss med allsong i amfiet

Vi samlar oss med allsong i amfiet

Ja det blei ein fin feiring med festbord og god mat, sang og musikk, tale og andre innslag.

Vi samla oss i kulturhusets amfi og leiar Grethe Leikny ønskja alle velkomen. Lill Szeflinski, 13 år gamal, opna festen med å spele vakre tonar på fiolin til stor begeistring hos publikum.

Leif Hovde, leiar i Ålesund Eldreråd var dagens talar. Han tok for seg eldre-begrepet som var like aktuelt da han var storebror på 6 år og 2 år eldre enn lillebroren, som når han nå er definert som eldre og har runda dei 80. Eldre er eit svært tøyelig begrep, da er "senior" er eit meir presist ord å bruke på 65 år + meinte han. Dei som er gamle i dag er dei som har bygd landet med auka velferd slik det er no. Dei eldre har erfaring frå eit levd liv. Ein erfaring ein ikkje kan lese seg til og ta bachelorgrad i, eller kjøpe for pengar. Eit samfunn som er utan erfaring, famlar i blinde og mangler ballast og livskunnskap.

Da resultatet av kommunevalet for Ålesund ble klart var det berre to lister som hadde fått innvalgt personer over 65 år, i alt kun 5 seniorer/eldre. Landet blir styrt av hovudsakeleg unge vaksne i 40-50 åra. Desse skal forme ein eldrepolitikk som skal ta hand om eldreomsorgen. Det er ein lang veg å gå før den er godt nok ivaretatt. Mange sjuke og demente er i naud for omsorg av ymse slag.

Vi fekk også høyre litt om tida som liten gut i Ålesund med bakgården som leikeplass, om mormors familie i Ørsta og om lærarskuletid i Volda med engasjerte lærarar som var gode forbilder for dei unge elevane. Det var laurdagsundervisning i dei tider og små sjanser for å kome heim i helgene, og berre ein telefon på veggen var einaste for heile internatet. Ja tidene endrar seg, særleg har mobilen vore med på det. Til avslutning las han det fine diktet til Jacob Sande om Bestefar. Grethe Leikny takka for talen med blomster.

Så var det tid for bordsete i festsalen med godt prat og god gamal sosakjøtmeny med dessert. Programmet fortsatte i amfiet med Helga Kristin Sylte frå Ørskog sparebank, som var sponsor for feiringa av Eldredagen. Ho orienterte om dei mange knepene svindlarar har for å lure frå oss pengar. Dei prøver seg på eit uttall måter så sjølv dei mest oppvakte i blant oss kan bli lurt, ja det er jammen ikkje greit. Ørskog sparebank arrangerer samlingar der ein kan lære meir om korleis ein kan passe seg for falske mailer og mobilmeldingar. Blir ein likevel utsett for svindel må ein ringe banken med det same. Der er det hjelp å få, dei har stor kompetanse på området.

Sigmund Stene orienterte om den forestående bussturen til Stranda og PILanglo museet laurdag 14. oktober. Det nyoppretta Seniorkoret stilte mann- og kvinnesterke opp og song eit variert repertoar med kjente og kjære songar med Ann Mari Abelvik ved flygelet. Det var også allsong undervegs i programmet. Kvelden blei avslutta med kaffi og deilige kaker i festsalen. Så var festen over for i år.

Lill Szeflinski, 13 år, opnar festen med meisterleg spel på fiolin

Lill Szeflinski, 13 år, opnar festen med meisterleg spel på fiolin

Leif Hovde var hovudtalar for dagen. Her blir han takka av leiar Grethe Leikny.

Leif Hovde var hovudtalar for dagen. Her blir han takka av leiar Grethe Leikny.

Helga Kristin Sylte frå, Ørskog sparebank, får blomster av Grethe Leikny

Helga Kristin Sylte frå, Ørskog sparebank, får blomster av Grethe Leikny

Seniorkoret klar for underhaldningsbidrag. Ola Rotnes som korleiar.

Seniorkoret klar for underhaldningsbidrag. Ola Rotnes som korleiar.

Vi avslutter med kaffi og kaker i festsalen

Vi avslutter med kaffi og kaker i festsalen

  • Leif Hovde var hovudtalar
  • Helga Kr. Sylte, Ørskog sp.bank
  • Mange vil lure oss på nettet
  • Sigmund Stene orienterer
  • Ann Mari Abelvik på piano
  • Åse, Annlaug, Ragnhild, Jorunn
  • Deilige bløtkaker og kaffi
  • Leif Hovde var hovudtalar
  • Helga Kr. Sylte, Ørskog sp.bank
  • Mange vil lure oss på nettet
  • Sigmund Stene orienterer
  • Ann Mari Abelvik på piano
  • Åse, Annlaug, Ragnhild, Jorunn
  • Deilige bløtkaker og kaffi
  • Leif Hovde var hovudtalar
  • Helga Kr. Sylte, Ørskog sp.bank
  • Mange vil lure oss på nettet
  • Sigmund Stene orienterer
  • Ann Mari Abelvik på piano
  • Åse, Annlaug, Ragnhild, Jorunn
  • Deilige bløtkaker og kaffi
  • Leif Hovde var hovudtalar
  • Helga Kr. Sylte, Ørskog sp.bank
  • Mange vil lure oss på nettet
  • Sigmund Stene orienterer
  • Ann Mari Abelvik på piano
  • Åse, Annlaug, Ragnhild, Jorunn
  • Deilige bløtkaker og kaffi
  • Leif Hovde var hovudtalar
  • Helga Kr. Sylte, Ørskog sp.bank
  • Mange vil lure oss på nettet
  • Sigmund Stene orienterer
  • Ann Mari Abelvik på piano
  • Åse, Annlaug, Ragnhild, Jorunn
  • Deilige bløtkaker og kaffi
  • Leif Hovde var hovudtalar
  • Helga Kr. Sylte, Ørskog sp.bank
  • Mange vil lure oss på nettet
  • Sigmund Stene orienterer
  • Ann Mari Abelvik på piano
  • Åse, Annlaug, Ragnhild, Jorunn
  • Deilige bløtkaker og kaffi
  • Leif Hovde var hovudtalar
  • Helga Kr. Sylte, Ørskog sp.bank
  • Mange vil lure oss på nettet
  • Sigmund Stene orienterer
  • Ann Mari Abelvik på piano
  • Åse, Annlaug, Ragnhild, Jorunn
  • Deilige bløtkaker og kaffi