Om Ingeborg Stueflotten og vevnadene hennar

På det opne møtet i regi av Lesjaskog pensjonistlag 6. september var kulturinnslaget særs spennande. Silje Stueflotten fortalde den spennande historia om oldemora Ingeborg Stueflotten (1877-1968)

Silje Stueflotten held eit engasjert foredrag om oldemora og alle vevnadene hennar. Foto: Arnfinn Kjelland.

Silje Stueflotten held eit engasjert foredrag om oldemora og alle vevnadene hennar. Foto: Arnfinn Kjelland.

Leiar i Lesjaskog pensjonistlag takkar Silje for flott bidrag. Foto: Arnfinn Kjelland.

Leiar i Lesjaskog pensjonistlag takkar Silje for flott bidrag. Foto: Arnfinn Kjelland.

Silje og den flotte bildeveven som kan vere ein kopi av Hekneveven.  Foto: Arnfinn Kjelland.

Silje og den flotte bildeveven som kan vere ein kopi av Hekneveven. Foto: Arnfinn Kjelland.

Hovudinnslaget på Lesjaskog pensjonistlags første møte over sommaren var altså Silje Stueflottens foredrag om oldemor Ingeborg Stueflotten og hennar verke som bildevevar. Med foredraget følgde eit stort utval av vevar etter Ingeborg.

Ingeborg vevde heile livet og let etter seg mange flotte vevstykke, der særleg den dramatiske historia om bildeveven "'De vise fra Østerland" gjorde inntrykk. Den vov Ingeborg i åra kring 1930, og den kom tilbake til Stuguflotten i nyare tid.

Veven kan vere ein kopi av den kjende Hekneveven, vove av to siamesiske tvillingar frå Dovre på 1600-talet. Den inspirerte i alle fall forfattaren Lars Mytting til å skrive boka Søsterklokkene (2018).

Etter foredraget var det høve til å sjå godt på det store utvalet vevnader Silje hadde med seg, og praten gjekk livleg både i salen og under måltidet etterpå.