Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Nytt møtelokale og ny møtessong i regi av Pensjonistforbundet

Vestnes Pensjonistlag hadde sitt første møte etter sommaren onsdag 17. august. I alt 57 personar møtte fram, og denne gongen i nye lokale. MaRitz Kafeteria har riktig nok vore brukt før, men MaRitz Kafeteria har flytta på seg. No ligg kaféen ved sida av biblioteket, og begge er i bygget med det vakre namnet Stella Maris som fritt oversett blir Sjøstjerna.

Lydhør forsamling i nye lokale.

Lydhør forsamling i nye lokale.

Sjølve møteopplegget var ikkje nytt, så alt svara til forventningane. Underhaldninga var av ei gruppe leia av Britt Elise Skram. Ho er leiar for fleire grupper, og denne kalla ho Ta. Namnet betyr fem på somalisk, og forklaringa på det er at gruppa består av fem musikarar, og søk på nett gav namnet. På møtet var dei berre fire, men du verden som det svinga av musikken. Her skifta det mellom vals, reinlender, pols og andre gammaldansar. Slik musikk framført med dyktige musikarar, er rett så triveleg.

Ord for dagen hadde Hildegunn Vestre, og ho las eit dikt forma som ei bøn. Den hadde ho fått på eit kurs der pater Kjell Arild Pollestad var forelesar om det å bli eldre med verdigheit. Bøna er tillagt ei eldre nonne som levde på 1700-talet, men menneskehjartet har ikkje endra seg vesentleg dei siste 500 åra. Eigentleg skulle heile bøna til denne nonna ha vore nedskriven her, men eit par «smakebitar» blir med. «Gjør meg omtenksom, men ikke lunefull, hjelpsom, men ikke påtrengende. - Jeg synes det er synd å la være å dele min uhyre visdom med andre, men du vet, Herre, at jeg gjerne vil beholde noen venner.» - «Forsegl mine leber om alle mine plager og skavanker. De øker stadig, og det gjør også gleden ved å berette om dem for andre. Jeg tør ikke å be om så stor nåde at jeg skulle finne oppbyggelse i å høre på andres lidelseshistorie, men gi meg ihvertfall tålmodighet til å utholde dem.» Enda er her fleire gullkorn. Kanskje nonna kunne ha levd i dag?

Eit par allsongar høyrer med, og framfor alt mat. Denne gongen vart det servert ei god fiskesuppe med sveler, marengs og kaffi til dessert. Nei, bevertninga var det ingen grunn til å klage på, og heller ikkje folk sin iver etter å kjøpe årar. Utloddinga er eit av høgdepunkta på slike møte, og som vanleg vart den ryddig leia av kasserar Ansgar.

Vår dyktige leiar Gerd, orienterte om hendingar vidare utover hausten. Onsdag 28. september blir det arrangert dagstur til Nordøyane-Aukra-Molde og tilbake til utgangspunktet. Turen vil koste 650 kr. for medlemmar, og 800 kr. for andre. Det blir avreise kl. 10 og heime att mellom kl. 19 og 20.

I regi av Den kulturelle spaserstokk blir det to arrangement: 22/9 kjem Svein Sæter og held foredrag om Kongen av Spitsbergen, og 20/10 skal Guri Aasen foredra om Fiskarkona og døtrene hennar. Musikken under førestillinga sørger Andrine Longva Kopperstad for. Begge arrangementa blir på biblioteket kl. 12.

14/10 er ein viktig dato. Da kjem eldreombodet Bente Lund Jacobsen til Vestnes. Ho vil snakke til og med folket på Myra kulturbygg. Dette er ei svært talefør og dyktig dame det er vel verdt å høyre på.

Sjølvsagt blir det fleire møte i laget vårt framover hausten, så vi har mykje å sjå fram til.

Gruppa Ta.

Gruppa Ta.

Andrine Longva Kopperstad og Guri Aasen med programmet Fiskarkona og barna hennar.

Andrine Longva Kopperstad og Guri Aasen med programmet Fiskarkona og barna hennar.