Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Notat frå medlemsmøte - Gloppen Hotell 21.09.21

45 medlemer møtte - med korona-avstand

Medlemsmøte Gloppen Pensjonistlag 21.09.21

Stad:        Gloppen Hotell

Start:        kl 17.00

Slutt:        kl 19.45

Møtte:        46 medlemar med “korona-avstand”

Jon Gimmestad ynskte alle velkomne og var glad for å sjå at så mange hadde møtt fram.

Fyrste post på programmet var ei orientering om dei nye drosjetenestane av Harald Hauge. 

Den gamle ordninga med behovsprøving, vaktordning og kjøyreplikt for drosjeeigarane vart det slutt på frå 1. november 2020, slik at det no er “fritt fram”.

På Sandane er det 5 bilar no som før, og det er ikkje planar om fleire eller færre.

Krav til å ha større drosjer for rullestolbrukarar er heller ikkje eit krav. 

TT-ordningen er som før med omsyn til betaling og eigenandelar.

Bernt Hauge orienterte om bedrifta - Firda Billag -, og om dei ymse bussrutene, billettbestilling og problem knytt til reiseruter.

Elektronisk billett bestilling og betaling er komen for å bli, men etter spørsmål og erfaringsutveksling frå salen og demonstrasjon av ei prøvebestilling, så er det ikkje “beint fram” å få tak i dei rette billettane..

Kveldens kulturelle innslag stod Malin Alander for. Ho framført 5 sangar til ein lydhør forsamling og fekk som fortjent god applaus.

Sigtor Tveit orienterte frå pensjonistturen til Stadt tidlegare i sommar (31.08.21) der 23 pensjonistar var med. Turen var vellukka på alle måtar med mange interessante stopp på veien.

Ny tur - 27.09.21 med Fjordcruise på Nærøyfjorden er annonsert. Til no er 40 plassar av 45 oppbestilt. 

Under matøkta med kaffi, karbonade og bløtkake, vart det gjennomført lynlotteri med 16 heldige vinnarar.

Aslaug Nesje Bjørlo fekk ordet og orienterte om Senioruniversitetet og programmet framover. Kinosalen i Trivselshagen er møteplassen, og billettar kr 100,- kan kjøpast i kaffen i Trivselshagen og skranken på kommunehuset.

Odd Eide fortalte om Sandane Datastove som skal vere ein møteplass for dei som har lyst til å lære data og som ikkje har denne kunnskapen frå før. Kursstart 05.10.21 på Gloppebua.

Odd informerte om “datagaming for seniorar” eit prosjekt som Seniornett Norge har satt igang. 19.10.21 kjem Joop Cuppen (prosjektleiar) til Sandane (Gloppebua) og fortel og viser ymse type spel og utstyr som eldre kan ha god nytte av.

Til slutt orienterte Jon Gimmestad om kva Gloppen Pensjonistlag jobbar med, og om programma fram til Jul. 

Han nemnde spesielt pensjonistkonserten 21.10.21 kl 17.30 - Nynorsken Skog - i Trivselshagen med Stardalen Mannskor med Olav Stedje og Oddvar Torsheim.

Neste pensjonistmøte vert i lag med pensjonistlaget i Hyen på Kleppenes Gard 28.oktober kl 17.00.

Pensjonistlaget jobbar også med medlemsverving, prosjektet eit aldersvennleg samfunn og med “Godt å bli gammal i Gloppen”.

Odd

sekr.