Publisert 2. sep. 2022, kl. 12:19
Sist redigert 2. sep. 2022, kl. 12:19
Kåre Bastesen døydde 25. august 2022, 77 år. Han har det siste året vorte meir plaga av sjukdom, og i sommar har han ikkje lenger hatt helsa til å bu i sin kjære heim på Kolås i Lindås. Det triste bodskapet om at Kåre hadde gått bort kom likevel brått på oss.
Kåre kom til verda på Mongstad i 1945. Derifrå drog han til Voss og stifta familie og dreiv butikk. Seint på 1970-talet flytta han heimatt og tok seg jobb i heimbygda hjå den gong Rafinor på Mongstad som vaktmann. Foreldra hans hadde slått seg ned i Kolåsfeltet på Lindås då oljeraffineriet tok all plass i heimbygda, og Kåre tok over den nye bustaden etter dei. Her hadde han heimen sin til han no gjekk bort.
Me lærte å kjenna Kåre som ein usjølvisk og beskjeden mann. Han har ikkje fortalt oss om eigne vegval, men i kjent stil meint at vegen vert til under vegs. For frå då, for 40 år sidan, og heilt til det siste, har Kåre sin jobb vore å leggja til rette for at andre skal ha det bra.
Det starta som sagt på Mongstad der alle utafor gjerdet med ei viss rette meinte at dei som jobba der hadde det godt nok, meir enn godt nok kanskje. Kåre må få sin del av æra for det. For alt tidleg på 1980-talet tok han på seg leiarrolla i største fagforeninga der. Og han vart ein tillitsvalt som alltid var til stades og ikkje minst ivaretok dei som trong det mest.
Då han etter nokre ti-år vart tidlegpensjonist var vegen klar, sjølvsagt det å jobba for andre pensjonistar.
Han vart leiar av Statoil Mongstad Veteranklubb, på sin måte. Og slik at klubbveteranane i åra etter han gav seg sa at alt var betre før ….
Kåre meldte seg inn i Lindås pensjonistlag i 2007 og dei kloke eldre i laget fann fort ut at han måtte verta den nye leiaren i laget. Og Kåre var lettbedt, og takke ja. Det vart fortsetjinga på hans vegval.
Han vart då leiar i to pensjonistlag (vårt på Lindås og det på Mongstad). Etter kvart kom han til at eit lag var nok, og heldigvis for oss vart det lokallaget vårt på Lindås.
Kåre var leiar i Lindås pensjonistlag heilt fram til sommaren 2021. Medlemsveksten i åra med Kåre har vore stor, og laget vert sett på som veldrive av kommune, naboar og pensjonistforbud. Kåre har hatt omsut for medlemmane i laget og me andre i styret har lært at når Kåre kan, ja .. då kan me andre òg. I koronapandemitida var han dagleg i telefonkontakt med medlemmar og andre eldre for å sikra at det gjekk bra.
Kåre var ikkje lettbeint, men som sagt lettbedt. Andre ville med tilsvarande helsemessige plager hatt nok med seg sjølv, men for Kåre var det frivillige dugnadsarbeidet til glede og motivasjon. Me er alle glade for at Kåre vart tildelt Frivilligprisen i Lindås kommune i 2019. Dette var siste prisutdelinga i gamle kommunen vår. Ei historisk markering, og med ein svært så verdig prismottakar.
Me vil minnast Kåre for hans lagsarbeid og omsut for andre. Våre tankar går til hans næraste familie og vener.
Takk for arbeidet og innsatsen i pensjonistlaget.
Lindås pensjonistlag / Styret