Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Medlemsmøte på Ridderkroa

Torsdag 29. september 2022 kl.17.00 på Ridderkroa.

Odin og Bendik

Odin og Bendik

Møtet starta med ballmiddag fram til kl 17.30. Det var svært godt.

Leiaren ønskte deretter 25 personar velkomne til møtet som fortsatte med musikk og underhaldning av Odin Johan og Bendik. Dei spela melodiar av Johnny Cash og nokre norske sangar, blant anna «Om eg var ein rik mann» frå musikalen «Spelemann på taket». Så fortalde Odin litt historier mellom sangane.

Ballmiddagen var god

Ballmiddagen var god

Randi Sylte heldt ord for dagen. Ho las dikta «Den beste stunda» og «Ett er nødvendig» av Hans Børli. Ho sa også nokre ord om kor bra vi hadde det i Norge sett i lys av situasjonen i Europa.

Etter dette vart det halde 1 minutt stillheit for Lilly Longva som hadde gått bort sidan forrige medlemsmøte.

Knut Romestrand refererte frå haustkonferansen i Pensjonistforbundet Møre og Romsdal.

Leiaren informerte om kommande arrangement, Eldredagen 1. oktober på Tresfjord fleirbrukshus, «Fiskarkona og døtrene hennar» på biblioteket 20. oktober og Eldreombudet på Myra 14. november.

Vidare informerte leiaren om oppretting av brukarutval for omsorgstenester i Vestnes, og om kommunedirektøren sine forslag til innsparingar innan helse- og omsorgstenester.

Så vart det ei runde med Quiz, der Elsa og Co gjekk av med sigeren.

Til slutt var det åresalg med trekking av gevinstar kombinert med hyggeleg prat og kaffe og karamellpudding til dessert.

Møtet vart avslutta med allsang med melodien «La oss leve for hverandre».

 Referent

Ivar Arne Gjeitnes