Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Medlemsmøte på Maritz Kafé.

Leiar Gerd Misfjord opna medlemsmøtet og ønska alle frammøtte velkomne. Tema for møtet var «Framtidsfullmakt», og det kunne vel vere ein av grunnane til at så mange kom. I alt 79 personar møtte fram.

Advokat Jan Sørbø

Advokat Jan Sørbø

Det vart tidleg klart at foredragshaldaren ville komme noko seint, så rekkefølgja i møtet vart ikkje slik som vanleg, men kva gjer vel det når ein får vere saman og ha det hyggeleg. Allsongen var på plass, ord for dagen, og ei lita stille stund for å minnast Bjarne Øksenvåg som døydde 19. november 2022. Åresalet vart avvikla og maten kom på bordet. Leiar si orientering om mellom anna komande møte der årsmøtet vert avvikla, fekk vi med før foredraget.

Advokat Jan Sørbø frå Ålesund var hyra inn for å snakke om «Framtidsfullmakt». Kva er det, og kva tid trer den i kraft. Han var mest oppteken av arv og arveloven, og kom med mange opplysningar i så måte, men det vart svært lite av foredraget hans som handla om noko framtidsfullmakt. Nok om dèt. Vi fekk i alle fall vite kva ei framtidsfullmakt er, kva tid ho blir teken i bruk, og kven som kan vere fullmektig. Elles la Sørbø vekt på dette med formkrav til ei fullmakt.

Møtet slutta etter tre timar.