Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Medlemsmøte i Vestnes Pensjonistlag

31 interesserte menneske møtte opp på Vestheim til møte i Vestnes Pensjonistlag onsdag 28. april 2022. Dette møtet var via til velferdsteknologien.

Gerd held foredrag

Gerd held foredrag

Innleiing

Etter velkomsthelsinga hadde leiar ord for dagen, der ho las eit dikt av Anne Kristin Sønstadbø som handla om nærleik, og å sjå seg sjølv inn i samhellet. Heile tre allsongar kom på rekke og rad med Alvhild Vike som akkompagnatør.

Møteinnhald

Gerd Misfjord og Ansgar Misund hadde vore på kurs i regi av Pensjonistforbundet for å lære om velferdsteknologi. Å ta i bruk velferdsteknologien er framtida for folk. Det er eit uttalt politisk mål at eldre skal greie seg mest mogleg sjølv og bu lengst mogleg i sin eigen heim. Ambassadørane for velferdsteknologi som dei no var, viste og forklarte ved hjelp av ein PowerPoint-presentasjon. Deira oppgåve er å • Spre kunnskap om hva velfersteknologi er, og hvilke muligheter som finnes. Ikke minst motivere til å ta teknologien i bruk på et tidlig stadium • Representere brukerne opp mot utviklere og kommunen

Her i eit kort referat kan vi ikkje gå så grundig inn i stoffet, men nokre «overskrifter» tek vi med. Da nemner vi at det er «FIRE TYPER VELFERDSTEKNOLOGI» Det er: Trygghetsskapende teknologier, Mestringsteknologier, Utrednings- og behandlingsteknologier og Velværeteknologier. Her er mange forskjellige instrument innan kvar av desse. Opp i alt dette er det sjølvsagt viktig med brukarmedverknad. «Hva er viktig for deg? Hva er viktig for pårørende? Brukers behov skal være styrende for hvilke løsninger som blir valgt og hvordan dette tas i bruk»

Her er snakk om digital heimebehandlig, om digital konsultasjon, kommunal helseplattform var nemnt, og alle slag komponentar innan velværeteknologi vart presentert på skjermen. Ein kan ikkje prioritere desse, men robotstøvsugaren er nok kommen for å bli i dei fleste heimar.

Så var det snakk om å førebygge og tilpasse bustaden. I det heile finst det eitt eller anna hjelpemiddel for det meste. Det gjeld berre å ta dei i bruk, men først må ein jo kjenne til dei. Her kjem våre ambassadørar for velferdsteknologi inn i bildet, men viktigast er nok det kommunale hjelpeapparatet. For mange av oss eldre kan samfunnsutviklinga vere utfordrande på mange måtar. Før i tida var det jo berre å ha pengar i pungen, og ein kunne betale for seg over alt. Slik er det ikkje i dag, men heldigvis kan ein få hjelp. Så har vi Pensjonistforbundet i ryggen som er «Tydelig, sterk og synlig»

Ikkje alle av oss er like smarte som «Margot» i filmen om velferdsteknologi. Denne filmen vart vist til slutt i foredraget. Margot kunne kose seg med alt ho likte, og så greidde ho å lure systemet når ho fann det tenleg for seg.

Kosen

Så var vi komne fram til kosen i møtet der kaffi, snittar og gulrotkake var gode ingrediensar. Ikkje eit einaste møte i Pensjonistforbundet Vestnes utan utlodding. Nokre trepinnar med tal på skaper hygge og spenning, men viktigast av alt er praten rundt borda både ved måltidet og elles.

Avslutning

Før møtet vart avslutta orienterte leiar om møta framover, både i eigen regi, men òg saman med andre. Ein busstur vart nemnt, men den blir annonsert seinare. «De nære ting» er songen vår, meinte leiar, så da vart den avslutningssongen også denne gongen.

Ansgar orienterer

Ansgar orienterer