Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Medlemsmøte i Vestnes Pensjonistlag

Mange glade og trivelege folk møtte opp på Vestheim til møte i laget onsdag 23. mars 2022. Det vårast, og det merkjer ein på humøret.

Lars Arne og Jostein underheldt.

Lars Arne og Jostein underheldt.

Innleiing

Ein merka det frå første stund at no er optimismen og kjensla av våren heilt til stades. Alle songane handla om våren. Ord for dagen som Marit Katrine Sæbø opna med, hadde òg våren og gleda som tema. Liv Grethe Oftedal, ein regional forfattar, hadde skrive diktet «Vårvind».

Medlemsmøtet

Denne dagen var Lars Arne og Jostein Frostad gjester i Vestnes Pensjonistlag. Dei leia allsongen som ein kan seie var eit potpurri, for her kom den eine vårsongen etter den andre. Så hadde dei si eiga avdeling, der dei på trekkspel og gitar varta opp med gode melodiar som fall i smak hos folket. Det er somme tider folk snakkar om at «det rykte i dansefoten». Jau, det kjendest nok slik hos mange av oss.

Matøkta og åresalet er like velkomne kvar gong. Uansett korleis ein snur og vender på dette med å vinne, så ligg det ei spenning over stunda med trekking, og det er jo kjekt å vinne.

Avslutning

Heilt til slutt på møtet orienterte leirar om saker ein kan kalle lagssaker. Denne gongen var det mest referatsaker, men òg litt om kva vi har i vente. Så var møtet over etter at vi enda ein gong vart oppfordra til å søke tilbake til «De nære ting».

Konsentrert om allsongen.

Konsentrert om allsongen.