Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Medlemsmøte i Vestnes Pensjonistlag

Onsdag 14. oktober vart det endeleg arrangert medlemsmøte i Vestnes Pensjonistlag. Knapt 30 frammøtte. God plass. Koronarestriksjonane følgde til punkt og prikke. Ja, slik vart referatet frå møtet 14. oktober 2020 opna. Da hadde det ikkje vore møte sidan årsmøtet den 12. februar 2020. Uff da, så lang tid, vart det sagt den gongen, heile 8 månader. Endeleg vart det arrangert nytt møte i laget, og det var den 16. juni 2021. Også no gjekk det 8 månader sidan siste møtet, men denne gongen var ikkje koronarestrik-sjonane like strenge. Ikkje rart at folk lengta etter å treffast att, for ein må kunne seie at 8 månader mellom kvart møte er i lengste laget.

Musikkgruppa Werner Barth

Musikkgruppa Werner Barth

Det var tydeleg at leiar Gerd Magnhild Misfjord var glad for å kunne ønske velkommen til dette møtet. Ventetida hadde vore lang, men no rekna ho med at alle var fullvaksinerte, så da meinte ho at alt skulle gå bra. Så annonserte ho nytt møte til hausten, eller i alle fall så håpa ho på det.

Trygt og godt med faste vaner, slik også på medlemsmøta der ord for dagen er vanleg. Denne gongen ved Marit Wold Sæbø. Ansgar Misund hadde ord til ettertanke. Loddsalet var på plass, og det same var maten med snittar og svele. To allsongar høyrer òg med. Veldig bra!

Musikkgruppa Werner Barth sto for underhaldninga. I gruppa spelar Britt Elise Skram fiolin, Karl Arne Franzen song og gitar, Johannes Villa rytmekasse og Trygve Villa kontrabass. Det svingar godt med dei, og repertoaret er ganske variert innafor deira sjanger som vel er sterkt folkemusikkprega. Etter oppfordring frå ein av medlemmane i laget, hadde Britt Elise teke med seg hardingfela. Ho spela da St. Tomasklokkelåtten. Det følgjer eit sagn med denne lydarslåtten, men òg ei forteljing om kyrkjene på Filefjell. Interesserte kan lese om dette for eksempel på https://www.kyrkjeklokker.no/st-tomaskyrkja/ eller på https://leksikon.fylkesarkivet.no/article/cf12808f-ebdd-4870-828f-daa09ba85137/

Til slutt orienterte leiar frå lagsarbeidet slik det hadde vore i denne vanskelege tida. Mellom anna vart det ikkje årsmøte til vanleg tid i 2021, men heile styret held fram i sine respektive funksjonar til nytt årsmøte kan settast. I pakt med tradisjonen blir det tur den 25. august, og han er lagt til Alnes. Der er det mykje vakkert, men òg mangt interessant å sjå.

No går det nok mot full drift i Vestnes Pensjonistlag, og det er det mange som er glade for. Eit hyggeleg møte er no i alle fall historie. Det var tydeleg at dei 38 frammøtte medlemmane hadde eit smil i augekroken da dei forlet det romslege møtelokalet på Vestheim.