Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Medlemsmøte i Stordal og Liabygda Pensjonistforening.

Referat frå møtet 07. september 2022

Bernt Fylling og Knut Olav Skrove underheldt med sang og musikk.

Bernt Fylling og Knut Olav Skrove underheldt med sang og musikk.

Etter eit par månaders «sommarferie», vart medlemsmøte i Stordal og Liabygda Pensjonistforening halde i Grendasalen, onsdag den 07. september, kl. 14:00.

På denne varme og solfylte haustdagen møtte det fram ca 44 medlemmar.

Leiar Ann Elise Dyrkorn ønskte alle hjarteleg velkomne, spesielt underhaldarane Bernt Fylling og Knut Olav Skrove. 

Før programmet starta, sang vi våre tradisjonelle og fine opningssangar «Sangen til bygda» og «Sang til Liabygda» - med tonefølgje av Fylling på gitar og Skrove på trekkspel.

Vi tente lys og heldt 1 minutt stillheit for å minnes Einar Vidhammer og Kjell Tafjord som begge no har fått bort. Einar Vidhammer har vore trufast medlem i pensjonistforeninga og Kjell Tafjord har tidlegare gjennom mange år underheldt på medlemsmøta våre med trekkspelmusikk.

Ann Elise las ord for dagen – eit fint dikt med tittel «Tenk så inderlig godt….»

Ann Elise orienterte om fylgjande saker:

-         Dagsturen til Vestkapp den 29. september.

-         Fjordafesten i Valldal den 15. oktober

-         Invitasjon til Eldredagen på Storfjord Kulturhus den 01. oktober.

Utfyllande opplysningar om dagsturen til Vestkapp var oppkopiert i fleire eksemplar og lagt ut på borda slik at medlemane fekk gjere seg kjent med programmet, samstundes som påmeldingslister til alle 3 ovannemnde arrangement vart sendt rundt for påmelding.

Nye Rodelister var også lagt ut på borda, slik at medlemane kunne ta med seg heim.

Bernt Fylling og Knut Olav Skrove underheldt oss med flott sang og musikk, - og publikum sang med der sangane og teksten var kjent. Innimellom fortalde Fylling mange morsomme historier og vitsar, så vi fekk oss mang ein god latter. 

Så var det tid for kaffi og mat. Kjøkkengjengen serverte nydelige smørbrød og kringle. Praten gjekk livlig rundt borda. Åresalet gjekk fort unna og gevinstar vart etterkvart delt ut til vinnarane.

Fylling og Skrove avslutta med eit par kvikke melodier på gitar og trekkspel, før dei takka for seg. Dei fekk applaus frå salen som takk for triveleg underhaldning.

Ann Elise takka for frammøtet og ønskte alle vel heim og ei fortsatt fin tid framover.